Kong Harald tek til orde for at unge må få påverka eiga samtid, og trekker fram 17-åringen som fekk vera med då Grunnlova blei til. Høyrer du, Erna?

Nyttårstalen til Kong Harald handla mykje om kva den no 200 år gamle Grunnlova vår betyr for demokratiet vårt.

”Flere av dem som var med og lagde grunnloven, var svært unge. Den yngste var 17 år gamle Thomas Konow fra Vestfold. De unges stemme slapp altså til selv når landets fundament skulle legges. Det er viktig å ta med oss videre. De unge må bli hørt og få være med å påvirke sin egen samtid.” sa kongen i nyttårstalen sin.

LES OGSÅ:17-åringen som vart grunnlovsfar

Då Grunnlova blei vedteken var stemmerettsalderen 25 år. Og den gjaldt berre for embetsmenn, handelsborgarar, sjølveigande bønder og leiglendingar på matrikulert jord. Sidan har demokratiet blitt utvida ei rekkje gonger. Allmenn stemmerett for menn fekk me i 1898 og for kvinner 15 år seinare. Frå 1920 har stemmerettsalderen blitt justert fire gonger – sist gong i 1978 til 18 år.

Ved lokalvalet i 2011 fekk 16- og 17-åringane i 20 kommunar og lokalstyret i Longyearbyen vera med på å stemma i lokalvalet. Forsøket har blitt kalla ein suksess. Fleire kommunar vil halda fram med forsøk. Spørsmålet er om regjeringa vil la dei få lov. Høgre, Frp, KrF og Sp har førebels ikkje gått inn for stemmerett for 16- og 17-åringar.

I mai 2013 vedtok fleirtalet i Oslo bystyre å prøva ut stemmerett for 16- og 17-åringar i lokalvalet 2015, mot stemmene til Høgre. Seinast i Dagsnytt 18 måndag 13. januar argumenterte ungdomspartiet deira mot å utvida stemmeretten til 16-åringar.

Sist gong stemmerettsalderen blei utvida, var ikkje Høgre blant etternølarane. Partiet programfesta stemmerett for 18-åringar i mars 1978 to månader før Arbeidarpartiet gjorde det same. Motstanden var likevel stor – i ei meiningsmåling i Aftenposten september 1978 var det fleirtal både blant dei under og over 20 år mot stemmerett for 18-åringar. Likevel vedtok Stortinget å utvida demokratiet til å også omfatta 19- og 18-åringane hausten 1978.

Dagens ungdom er meir skikkelege og veltilpassa enn tidlegare generasjonar, ifølgje ein rapport frå NOVA. Dei er opptekne av skule, utdanning og helse – og er engasjerte i samfunnet. Ungdomspartia er rekordstore og valdeltakinga blant førstegongsveljarane gjorde eit kraftig hopp i stortingsvalet i haust. Og som det ikkje er nok med det: norsk ungdom er på topp i verda når det gjeld demokratiforståing.

Frå forsøket i Noreg og frå andre land som allereie har innført stemmerett for 16-åringar, veit ein at dei yngste stemmer oftare enn dei eldre ungdommane. Dei som får stemmerett tidleg, bruker den oftare seinare i livet.

16- og 17-åringane er ekspertar på korleis det er å vera ungdom. Kommunane bør få høve til å bruka kunnskapen deira i val, før ungdommane flyttar ut til utdanning og jobb. Aller helst burde dei også få høve til å bli valde. Å involvera ungdom er god distriktspolitikk.

Men det er sjølvsagt meir enn dét.

16-åringar kan dømast til fengsel og må betala skatt. Då bør dei òg få høve til å påverka lovene våre og skatten vår gjennom val.

I eit samfunn der stadig fleire blir eldre, vil makta i samfunnet flytta seg. Eldre veljarar er meir opptatt av eigne saker som eldreomsorg og eige helsetilbod enn yngre veljarar. Det vil vera lettare å skapa verdas beste skule om demokratiet vårt får høyra stemma til alle elevane i vidaregåande skule. Det vil vera lettare å skapa eit berekraftig samfunn viss dei som skal leva lengst på kloden får seia meininga si i val. Det er trass alt ungdom som får oppleva konsekvensane av det motsette.

I 2014 er det også eit anna viktig år for demokratiet me feirar. Det er 130 år sidan parlamentarismen blei innført her i landet. Den gongen var Høgre på Kongen si side i kampen mot å gi dei folkevalde meir makt. Når no Kongen tar til orde for å inkludera ungdom i demokratiet vårt, kan det kanskje vera lov å håpa på at dei kongetru i Høgre blir inspirert?

Kva meiner du? Bør òg 16- og 17-åringar få stemma?

Oppdatert: måndag 3. juli 2017 15.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE