Berre fire av ti elevar med fysisk funksjonsnedsetjing deltek i vanleg undervisning på lik linje med andre elevar. Forskar meiner skulen må tenkje nytt om elevgruppa.

NPK-NTB
NPK-NTB

Elevar med fysisk funksjonsnedsetjing trivst dårlegare, får lågare karakterar og blir ofte tekne ut av klassa. Det skjer trass i at dei har rett til tilpassa opplæring i klassa, melder Dagsavisen.

LES OGSÅ: Born vert redde når dei ser meg

Meir nøgd med spesialskule
Berre ein av fem elevar med fysisk funksjonsnedsetjing som går på nærskulen er over halvparten av skuletida med resten av klassa.

– Faktisk er det slik at foreldre med born på spesialskule er meir fornøgde og har større tiltru til opplegget til skulen, enn foreldre til born som får spesialundervisning i den ordinære skulen, seier forskar Jon Erik Finnvold ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

– Dessverre ser det ut til at det skjer ei sortering av elevar som ikkje berre handlar om kva som er best for barnet, men om korleis læraren skal få ein meir overkomeleg arbeidssituasjon i klasserommet, seier han.

Personar med nedsett funksjonsevne tek òg sjeldnare høgare utdanning. Berre to av fem fortset skulegongen etter å ha fullført grunnskulen.

LES OGSÅ: Den ubrukte arbeidsstyrken

Stigmatisering
Finnvold peiker på at det er stigmatiserande for elevar å bli åtskilt frå resten av klassa, og at denne praksisen kan ha fleire utilsikta, negative konsekvensar.

– Vi ser at dette svekkjer moglegheita elevane har til vennskap og gode, sosiale relasjonar med jamaldrande, seier Finnvold.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE