– Eg ville møte andre menneske. Nesten heile klassen går på fotball, seier Jonathan (10).
Han har ikkje spelt lenge, men trur han kjem til å halda fram med fotball i mange år.
På beinet har Jonathan ei skinne som hjelper på balansen. På dette laget gjer det ingenting. Mange av dei andre spelarane har også skinne på beinet.

Jonathan (10) trur han vil halda fram med fotball. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Noregs første CP-lag
Røa IL har i fleire år hatt landets einaste fotballag for personar med cerebral parese.
– Det er meir gøy, enn eit ikkje-CP-lag, forklarar Torstein (9).
Han er ein av dei nye kameratane til Jonathan og går gjerne i duell med dei eldre spelarane.
Etter å ha byrja på laget deltek Torstein meir i gymtimane. Før kvidde han seg, fordi han ikkje ville at andre skulle sjå at han hadde CP.
– Eg ville ikkje at dei andre skulle le av meg og seia at eg var ein kjip unge.

Det er både trening og sosialt når CP-laget til Røa IL samlast. Foto: Andrea Rygg Nøttveit