Fanga monsterfisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Wooowww!, var første reaksjonen til Jon Velberg.

Havmus er det norske namnet på arten Chimaera monstrosa som er litt av ein skapning.

Den lever på fleire 100-meters djupne, er ein sjeldan skapning for folk flest og ser ut som den høyrer til ein annan planet.

Alien-fisk
Nederlandske Jon Velberg er ingen kven som helst når det gjeld interessa for maritimt miljø, sportsfiske og dykking.

Etter studiet ved høgskulen i Sogndal for to år sidan, drog Velberg tilbake til universitetet Van Hall Larenstein Leeuwarden, no er han tilbake i Noreg for å fullføra ei prosjektoppgåve, temaet er kystsoneplanlegging.

Fritidsstundene hans blir ofte brukt på Sognefjorden når sjansen byr seg. Søndag kveld sist helg fiska Jon Velberg og kameraten Niels Kijmn, som er student ved Høgskulen i Sogndal.

LES OGSÅ: Øl-svolten torsk

Giftig pigg
– Me fekk ein heil del fisk, nokre likna på haiar og enkelte var bortimot meteren lange. Den eine arten såg ut som ein alien-fisk med ein facinerande og interessant utsjånad, rapporterer Jon Velberg om fangsten av havmus.

– Havmus er ikkje eksotisk, men fisken er heilt klart spesiell med sin fantastiske utsjånad, seier Torbjørn Dale, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for ingeniør- og naturfag.

Eksperten kjem med ei åtvaring om du skulle koma i kontakt med det som ser ut som ein forhistorisk fisk.

– Ein skal vakta seg vel for å ikkje stikka seg på piggen i ryggfinnen, i følgje litteraturen er den giftig, seier Dale og karakteriserer Sognefjorden som spennande.

– Skapningar kan innehavda enzym eller kjemikalier som kan bli viktige i framtida, seier Dale og legg til:

– Det spesielle med denne historia er at havmusa, som lever ned til 1.000 meters djupne, vart fanga på grunnare vatn.

LES OGSÅ: Difor krympar fisken

Sporadisk på line
Monsterfisken er ikkje ukjent for hobbyiskarar som har sjøsett line i Sognefjorden.

I Vik dreg pensjonist Martin Sveinsbø kjensel på arten som dukkar opp på dataskjermen.

– For meg liknar den på ei havmus. Den får eg sporadisk på lina som blir sjøsett på 600–700 meter, seier Sveinsbø.

Les saka i Sogn Avis!