– Motivasjon er som ein ferskvare. Den må arbeidast med, seier studentrådgjevar Berit Chr. Nestås Gaaserud. Saman med leiaren i SiO Rådgjeving gir ho råd til deg som er student.

Juleferien er unnagjort. For studentar tyder det at vårsemesteret står for døra. Ved starten av semesteret kan det verke som tida fram til eksamen er uendeleg, men det lønar seg å mane fram motivasjonen og kome i gang.

Vårsemesteret er likevel ikkje berre tida for å slutte å syte og begynne å yte. Det er også tida for lysare kveldar, fridagar, glede og avkopling.

Motivasjonsarbeid
– Veldig mange av studentane som tek kontakt med oss slit med motivasjon eller konsentrasjon. Dersom ein har gått gjennom sitt første haustsemester, kan ein ha opplevd at studietilværet var annleis enn ein hadde trudd, fortel rådgjevar i Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), Berit Chr. Nestås Gaaserud.

Ein kan også ha gjort det dårleg eller ha stroke på eksamen. Nokre gongar er det samansette årsaker til at ein manglar motivasjon. Gaaserud meiner at motivasjon er som ei ferskvare.

– Ein må arbeide med motivasjonen for at den skal kome, seier ho.

LES OGSÅ: Dette står høgast på ønskelista

Rådgjevaren oppmodar studentar til å gjere seg godt kjend med faga ein skal til med. Gå tilbake til læreplanen og finn ut kva det er meininga at du skal lære.

– Mange får ei aha-oppleving når dei går til læreplanen, og finn ut kva essensen i faget er. Læreplanen kan konkretisere faget og gjere kunnskapen meir målbar, seier Gaaserud.

Viktig nettverk
Gaaserud peikar også på at sosiale nettverk kan tyde mykje for motivasjonen til å komme i gong.

– Frå undersøkingar av studentane si helse og trivsel veit vi at sosiale nettverk betyr enormt mykje for motivasjonen. Dersom ein i byrjinga prioriterer å få bra folk rundt seg, som ein kan prate, sparre og kvile saman med, kan ein stå tryggare i studenttilværet, seier Gaaserud.

LES OGSÅ: NHO åtvarar skule-Noreg

Eit anna råd er skilje tydeleg mellom studiar og fritid.

– Somme går rundt med evinneleg dårleg samvit i studietida. Eg vil råde dei til å definere tydeleg kor mange timar dei skal jobbe kvar dag. På fritida bør ein oppsøke andre arenaer der ein ikkje nødvendigvis treng å prestere. Ein treng å kople ut i ei krevjande studietid, seier ho.

Mange studentar legg derimot opp arbeidsdagen etter evne, og ikkje etter kapasitet.

– Mange set seg for høge mål. Dei planlegg basert på eit ideal og ikkje på si reelle arbeidskraft. Ein bør lytte til seg sjølv og finne ut kva som faktisk er mogleg å få til på ein dag, seier rådgjevaren.

SiB lanserer innan nokre veker eit nettbasert kurs, som nettopp skal hjelpe studentar til å få ein god start på semesteret.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

Ni gode råd
Også leiaren i Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) Rådgjeving, Åsne Njølstad, kan hjelpe deg i gong med studiane att. Her er hennar råd for å få ein god studiestart:

1. Oversikt
Skaff deg oversikt over tidspunkt for førelesningar, seminargrupper, kollokviegrupper og eksamenar, og noter deg fristane for innlevering av obligatoriske oppgåver. Før alt inn i kalendaren og marker milepelar, som til dømes midtvegsevalueringar. Skaff deg pensumlister, slik at du får god oversikt over kva du skal igjennom.

2. Planlegging og strukturering
Lag deg realistiske lese- og studieplanar, både kortsiktige vekeplanar og ein langsiktig plan for heile eller delar av semesteret. Prøv å koordinere pensum med undervisninga, slik at leseplanen er knytt til når det vert undervist i dei ulike delane av pensum. Ved å lage slike leseplanar, vert det tydelegare kor mykje tid du har til lesing og eksamensførebuingar, og kva som står att til fritid og inntektsgjevande arbeid.

3. Kom raskt i gong
Ved starten av semesteret kan det verke som om du har uendeleg med tid til rådigheit. Men la deg ikkje freiste til å skuve studiane framføre deg, det vil i verste fall kunne føre til at panikken tek deg når eksamenstida nærmar seg. For å lukkast med studiane bør du kome raskt i gong og arbeide jamt og trutt gjennom heile semesteret.

LES OGSÅ: – Studentar er enkle å lyge til

4. Utnytt tida
Som student må du vere din eigen arbeidsgjevar. Sett av tilstrekkeleg tid til studiane, sørg for at du held «arbeidstida» og bruker den effektivt. Dermed vert det eit skarpare skilje mellom studiar og fritid, og du vil nyte fritida med betre samvit. Kanskje vert det også tid til ein deltidsjobb.

Som student har du elles store moglegheiter for fleksitid. Du vel sjølv når du startar arbeidsdagen, så lenge du ikkje reduserer lesetida.

5. Ein god leseplass
Finn fram til ein god og veleigna lesestad, som gjev deg ro og konsentrasjon, anten det er på lesesalen, biblioteket eller heime. For mange er det godt å variere litt. Det er også individuelt om ein arbeider best i stilla eller med bakgrunnsmusikk. Viktigare er det at ein tek seg små pausar mellom kvar arbeidsøkt.

6. Ver aktiv
Arbeid aktivt med stoffet, ved å bruke dei ulike innlæringskanalane. Les, skriv, lytt til førelesar og delta aktivt i seminar- og kollokviegrupper. Repetisjon er bra. Er stoffet kjent for deg når du møter på førelesning, festar deg seg betre i hukommelsen.

LES OGSÅ: Kvar fjerde student er einsam

7. Ver obs på tidstjuvane
Ønskjer du å prioritere studiane og bruke lesetida effektivt, må du klare å seie nei til noko anna. Mange studentar kastar vekk verdifull lesetid på Facebook, mobilen eller framføre TV. Ver obs på dine eigne tidstjuvar og lag deg gode reglar for kva som er lov i lesetida.

8. Hent fram motivasjonen
Det er ikkje alltid så lett å vere motivert for studiar og lesing når ein kjenner seg sliten, overvelda eller overarbeidd. Hent glød og motivasjon der den er å finne, den må ofte «manast fram».

Minn deg sjølv på kvifor du starta på dette studiet og kva som gjer nettopp dette studiet interessant. Ha målet i sikte og minn deg sjølv på kva du vil oppnå med studiet. Sei til deg sjølv at du har lyst til å gjere det så bra som du berre kan. Delta aktivt i seminargrupper og liknande, det skaper større engasjement. Og ikkje minst, unn deg sjølv nok søvn og kvile, då får du større overskot og vert meir optimistisk.

9. Glede og avkopling
Nokre ser på studietida som ei unnatakstilstand, der det ikkje er rom for fritid og avkopling, berre pugging, lesing og jobbing. Med god tidsplanlegging og effektiv bruk av dagen, bør det vere tid att til vener, kjæraste og anna som gjev deg overskot og glede. For å kunne yte, må du også hente krefter. Du vert ingen betre student av å lese døgnet rundt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE