1200 Ivar Aasen-tekstar er publiserte

Det viser ny oversikt over skriftene til Ivar Aasen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nærmare 1200 tekstar av Ivar Aasen er publiserte. Berre 234 av dei publiserte han sjølv. Det går fram av «Bibliografi over Ivar Aasens publiserte skrifter» som no er publisert på aasentunet.no.

– Forfattarskapen lever i beste velgåande. Ivar Aasen blir sitert kvar einaste dag året gjennom. Særleg dei mange ordtaka hans er mykje brukte, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Grepstad gav i fjor ut biografien «Historia om Ivar Aasen» som då blei trykt i tre opplag. Bibliografien laga han parallelt med biografien. Ei første utgåve av bibliografien kom ut i fjor sommar. I den 2. utgåva som no ligg føre, er mykje nytt stoff kome til. – Å halde bibliografien ved like er eitt av mange tiltak som Nynorsk kultursentrum fører vidare etter Språkåret 2013, seier Ottar Grepstad

I si levetid fekk Ivar Aasen trykt nær 100 dikt og like mange artiklar og prosastykke, og han gav ut 39 bøker og småskrifter. Etter at han døydde i 1896, har det kome mykje meir. Til saman er no nær 300 dikt og viser publiserte, vel 300 artiklar og prosastykke, og 400 brev. Det ligg også føre 125 bøker og småskrifter med tekstar av Ivar Aasen.

Dikt og andre tekstar av Ivar Aasen kan lesast på åtte ulike språk. Av 121 registrerte omsetjingar og gjendiktingar er heile 50 på engelsk, 32 på dansk og 30 på tysk.

– Ivar Aasen hadde eit skarpt blikk for kvalitet. Han visste godt kva som var best av det han skreiv, og det var dei tekstane han la vekt på å få gitt ut, seier Ottar Grepstad. – Aasen arbeidde planmessig med utgivingane sine, og det var viktig for han å vere til nytte for språkbrukarane. I alders år angra han på at han ikkje hadde skrive fleire bøker for barn og unge, og for folk flest, seier Ottar Grepstad.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Faktaboks

Ivar Aasens publiserte skrifter

• 125 utgåver og opplag av bøker og småskrifter
• 278 dikt, viser og skodespel
• 308 artiklar og prosastykke
• 399 brev
• 33 omsetjingar og gjendiktingar frå andre språk
• 121 omsetjingar og gjendiktingar av Aasen-tekstar til åtte andre språk