Zombiespel inn i klasserommet

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærer etikk med zombiespel

The Walking Dead var i fjor ein av dei mest nedlasta TV-seriane, ifølgje P3s Filmpolitiet.

Lærar Tobias Staaby bruker serien på ein litt annan måte enn kva vi er vande med. Det er ikkje lenger berre underhaldning. Ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen vert spelet The walking dead, som er basert på teikneserien om zombiane, brukt i etikktimane.

LES OGSÅ: – Dataspel kan kutta skulen med to år

– Morosamt og lærerikt

– Eg synest bruken av The Walking Dead, og kanskje spel generelt i undervisninga, er både morosamt og lærerikt. Det er som eit friskt pust inn i det nokså alminnelege skuleopplegget, seier elev Jarl Andreas Vognstølen.

Vanlegvis brukar han å setje seg heilt bak i klasserommet, men ikkje i dag. Saman med tre klassekameratar har han benka seg på fyrste rad. Tredjeklassen i studiespesialisering skal ha sin fyrste time med zombiespel.

– Det er kjekt å sjå at dei som brukar å sitje bak, no sit heilt her framme, seier lærar Tobias Staaby, og kjem med eit lite varsku før han skrur på spelet:

– Det er eit par litt stygge scener. Viss det er nokon sarte sjeler her, så er det heilt greitt å berre sjå vekk altså.

Han byrja å ta i bruk det kjende zoombie-spelet i undervisninga så vidt førre skuleår. No skal fleire og fleire skuleklassar få prøve det ut. Kollegar er nysgjerrige på kva han held på med. Leiinga ved skulen heiar han fram. Staaby kjenner til lærarar i Danmark som brukar spel i skulen, men så vidt han veit er han åleine om å bruke zoombiespelet både i Noreg og Europa. Staaby har latt seg inspirere av amerikanaren James Paul Gee. Han har mellom anna forfatta boka "What video games have to teach us about learning and literacy".

– Kva slags reaksjonar har du fått frå kollegaer og elevar?

– Nokre av dei som spelar mest sjølv, er gjerne dei som er mest skeptiske. Dei er berre vant med at spel skal vere underhaldning. Fleirtalet av kollegaene mine har vore overraskande positive. Eg trur at når vår generasjon no er i ferd med å få seg skikkelige jobbar, så vil fleire og fleire ta i bruk ulike slike spel i timane. Det bør ikkje vere ein skilnad mellom å bruke film i timen og å bruke spel, seier Staaby.

LES OGSÅ: – Krigsbrotsverk i dataspel bør straffast

Bort med abort og homofili

– Kvifor akkurat eit spel om zombiar?

– Grunnen til at eg vel å ta utgangspunkt i zombie-apokalypsen er ikkje berre fordi eg likar tv-serien og spelet sjølv, men fordi dette opne opp for å diskutere ei rekkje etiske dilemma som elevane ikkje har vore borti før. Elevane er lei av å diskutere til dømes abort eller om homofile skal få adoptere. I problemstillingane i spelet veit dei ikkje svaret frå før, dei har ikkje lese det nokon stad. Difor er dei nøydde til å gjere opp si eiga meining, fortel Staaby.

Elevane sit konsentrert og følgjer med på spelet medan Vognstølen på fyrste rad har kontrollen. Når det kjem spørsmål om kva karakteren i spelet skal gjere, spør han klassen. Ved store avgjerder, stoppar Staaby spelet og ber om at alle elevane loggar seg inn i programmet Kahoot for å gi si stemme. Det handlar mellom anna om kven ein skal redde frå å verte drepen av zoombiane og om det er rett å lyge om bakgrunnen sin for å skjule ei stygg fortid. Gjennom avstemming ynskjer Staaby å engasjere og involvere alle elevar, ikkje berre dei som likar å rekkje opp handa. Elev Hilde Karin Grasdal synest at han lukkast.

LES OGSÅ: Får karakterar i Civilization

Avstemming
– Når alle elevar stemmer slik anonymt, gjer det at alle deltek på lik line og heile klassen får sagt si meining, òg dei som vanlegvis ikkje ville engasjert seg i debatten.

I forkant av kvar avstemming diskuterer klassen i fellesskap kva dei bør gjere og Staaby fortel om ulike former for etikk.

– Det eg hugsar best frå denne timen var kven vi skulle redde – den vesle guten Duck eller vaksne Shawn? Skulle vi redde han som kan hjelpe oss mest under slike omstende eller skulle vi følgje det moralske instinktet og redde barnet, seier Vognstølen. 

– Det mest positive ved denne undervisningsmetoden er vi setter ein situasjon i perspektiv. Det skaper meir diskusjon, fleire tankar og meiningar, for ikkje å nemne at det er ein mykje meir interessant måte å lære på, held han fram.

Grasdal er einig.

– Eg synest det er genialt å bruke spel som The walking dead i undervisninga. Vi hadde om etikk og i spelet må ein ta fleire etiske avgjerder. Sidan The walking dead baserer seg på problemstillingar vi aldri har opplevd, eller kjem til å oppleve, må vi danne våre heilt eigne tankar om kva som er etisk rett og galt å gjere i dei ulike situasjonane. Avgjerdene vert ikkje basert på meiningar vi allereie har høyrt frå vener, politikarar eller i media, seier Grasdal.

Elevane skal til saman ha tre undervisningstimar med zoombiespelet. I løpet av våren vil opplegget verte evaluert. Då vil ein sjå nærare på om dette er noko ein vil halde fram med.

LES OGSÅ: Blir betre til å lesa med actionspel

Den nye fyrsterekkja: Jarl Andreas Vognstølen (nærast), Ørjan Rasmussen, Petter Dyngeland og Mogens Hestholm bruker vanlegvis å sitje heilt bak i klasserommet.