NHO åtvarar skule-Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei djup uro for norsk skule er bakteppet for at Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) har gjort ungdom, kompetanse og framtid til hovudtema for årskonferansen sin onsdag.

Under ein pressekonferanse måndag la NHO-leiar Kristin Skogen Lund fram statistikk og undersøkingar som viser eit fallende kunnskapsnivå både blant norske skuleelevar og i den vaksne befolkninga – særleg i aldersgruppa 16 til 24 år.

Noreg scorar framleis høgt på kunnskapane til vaksne, men det er fordi den eldre generasjonen dreg nivået opp, ifølgje Lund.

Uroa over fråfall
Stort fråfall frå vidaregåande skule og høgare utdanning samtidig som Noreg ligg i toppen når det gjeld ressursbruk per elev, uroar også arbeidsgjevarorganisasjonen.

– Vi kan ikkje halde fram med ei slik utvikling, for det vil føre til dårlegare produktivitet og mindre konkurransekraft i norsk næringsliv. Norsk skule er den viktigaste leverandøren av kompetanse til næringslivet, og no ser vi så mange urovekkjande signal at vi er nøydde til å rope varsku, seier Lund til NTB.

NHO ønskjer obligatorisk og gratis barnehagestart for alle femåringar, resultatbasert lønn for lærarar, færre studieprogram på universitet og høgskular og ei reform av vidaregåande skule for å snu utviklinga.

LES OGSÅ: – For mange studietilbod i Noreg

Utelukkar ikkje dumping
Ifølgje DN.no vil ho ikkje utelukka gjeninnføring av eit system der ein dumpar til eit lågare klassetrinn, om ein ikkje klarer å følgje med resten av klassen.

– Sjølv om eg ikkje skal seie akkurat det, er det betre å korrigera det tidleg enn å sleppe dei gjennom. Det er eit faktum at ein køyrer elevar som ikkje er godt nok førebudd opp i høgare utdanningsløp, seier ho til avisa.

Les fleire saker om skulepolitikk her!

Faktaboks

NHO føreslår mellom anna desse tiltaka for skulen:
• belønning av gode lærarar
• tidleg innsats, med gratis og obligatorisk kjernetid i barnehage for femåringar
• eit praktisk alternativ til videregåande skule
• gode styringsmekanismar i høgare utdanning