Den norske skulen er best på utjamning

Medan PISA-undersøkinga i fjor viste at norske elevar ligg eit godt stykke bak toppen i rekning, naturfag og lesing, er den norske skulen best på å jamne ut sosiale forskjellar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Best på utjamning

PISA-undersøkinga viste at norske 15-åringar er rangerte som nummer 22 av 34 OECD-land i matematikk og naturfag. Norske ungdommar er nummer 15 i lesing.

Samtidig viser ein ny rapport at bakgrunnen til dei norske elevane har minst å seie for prestasjonane i undersøkinga, skriv Klassekampen.

– Vi har ein relativt inkluderande fellesskapsskule i Noreg, fastslår forskar Rolf Vegar Olsen ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo.

Olsen konkluderer i sin ferske rapport med at forskjellane i den norske skulen er mindre i dag enn dei var i 2003.

– Effekten av heimebakgrunnen er sterk, også i Noreg. Det er han i alle land i verda, og det handlar om at elevar frå ressurssterke heimar får meir støtte til skulearbeid og dei har daglege førebilete rundt seg som viser kvifor kunnskap er viktig. Men den effekten er svakare i Noreg enn i andre land, og han går nedover, seier Olsen. (©NPK)