MOT-ungdommane i Rindal arbeider for eit betre ungdomsmiljø, og har mellom anna delt ut klemmar til framande og møtt 7. klassingar på veg til ungdomsskulen. 

Faktaboks

MOT
• Haldningsskapande organisasjon med for og med ungdom
• MOT jobbar for robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø
• Vart starta i 1997 med skøyteløparane Olav Koss og Atle Vårvik som initiativtakarar.
• MOT har ulike program for ungdomsskule, vidaregåande og lokalmiljøet elles.
• 63 700 norske elevar er omfatta av MOT. Kjelde: MOT.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Etter at vi vart aktive i MOT føler vi det er enklare å ta eigne val, fylgje eigne draumar og vite kva vi heller vil enn å fylgje press frå andre, seier Ingeborg Rindalsholt, Gurå Bakken Røen, Hans Ole Halle og Anders Grytbakk frå Rindal kommune.  

Den landsomfattande organisasjonen har som formål å skape gode ungdomsmiljø, og bygger på verdiane: MOT til å bry seg, MOT til å leve og MOT til å seie nei.  

– Vi vart aktive i MOT fordi vi tykte det høyrtes spanande ut og ville vera med å bidra, forklarar ungdommane.  

Overgangen
Noko av det dei har bidratt med, er å vitje 7. klassane i kommunen for å lette overgangen til ungdomsskulen.  

– Vi prøvde å fortelje at ein ikkje treng grue seg. For ungdomsskulen er artig og ikkje skummelt, forklarar ungdommane.  

Dei prata med elevane om karakterar, og om det å vera ein god eller dårleg ven.  

– Så oppmoda vi om å ikkje berre fylgje saueflokken, for det er det ingen meining i. Ein må stå for seg sjølv, legg dei til. 

LES OGSÅ: Klare for karakterar

Klemminga 
Eit høgdepunkt for ungdommane var MOT til å glede-dagen, ei nasjonal årleg markering i november.  

– Vi hadde som mål å glede flest mogeleg, mellom anna ved å klemme folk. Ein del var overraska over å få klemmar frå framande, men dei vart veldig glade, ler ungdommane.  

I tillegg festa dei  lappar med positive ord på bilar, og hadde ulike aktivitetar på skulen.

I samband med MOT til å glede-dagen laga ungdom i Rindal denne videoen.

Idealsamfunnet
I ei undersøking gjort frå 2012 kom det fram at Rindal hadde landets nest mest nøgde innbyggjarar, ifylgje Nationen. I 2005 vart kommunen kåra til den beste bustadkommunen i Levekårsundersøkelsen til SSB.  

Også MOT-ungdommane trivst i Rindal.

– Vi er veldig aktive her og mange av oss er ofte på trening, enten det er fortball, handball eller friidrett. Alle kjenner alle sidan det er så lite her, og vi føler det er ein positiv ting.  

For dei handlar eit godt nærmiljø både om toleranse og tilhøyrsle.

 – Det er viktig å vera trygge på kvarandre og sjå kvarandre som dei ein er.

 Etter MOT i skulen i fleire år, vart Rindal eit ”lokalsamfunn med MOT” i 2007, og i 2009 vart idretten knytt til organisasjonen.  

MOT-koordinator Åse Børset har sjølv vakse opp i Rindal og arbeider også i skulen, ho meiner MOT har hatt god effekt.

– Ungdommen her er veldig aktiv og sjølvstendige. Det verkar som miljøet er mykje betre enn då eg gjekk på skulen.   

LES OGSÅ: Ingen annan plass å bu

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE