Ingen annan plass å bu

Jonas Lødøen frå Stryn ynskjer ei heimbygd verdt å flytte heim til.  Som nestleiar i ungdomsrådet, er det noko av det han har brukt tida til

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stryn er heime og for meg er det ingen annan stad å bu. Derfor er det viktig for meg å halde på dei som bur her og skape ei god bygd å flytte attende til. Eg ynskjer at ungane mine skal få eit like godt tilbod i framtida, som det eg har hatt, fortel 17 år gamle Jonas Lødøen.

– Vi har det veldig kjekt når vi held på og vi føler at vi får til ting, forklarar Lødøen, som har vore nestleiar i ungdomsrådet i Stryn.

Kultur og arbeid
Dei til ei kvar tid 11 representantane i ungdomsrådet jobbar mellom anna med kulturtilbod for ungdom som UKM og andre arrangement, dei er med å drive Telegrafen ungdomskafe og dei jobbar for å skaffe ungdom sumarjobb med ein eigen arbeidssentral.

– Vi vil at det skal vera lettare for ungdom å skaffe seg sumarjobb, så via arbeidssentralen har vi knytt til oss både einskildpersonar og bedrifter som treng arbeidskraft, og det er har fungert veldig bra, seier Lødøen.

LES OGSÅ: – Ikkje ver for frekk og opprørsk

Påverknad
– Det er viktig at vi som ungdom får innblikk i politiske prosessar og kjenner til korleis vedtak vert fatta. Ikkje minst er det viktig at vi får høve til å uttale oss og får vera med å påverke, fortel Jonas Lødøen.

I Stryn har ungdomsrådet møterett i kommunestyret, dei har mange saker på høyring og dei jobbar med å påverke einskildpolitikarar. I jobben med å utvide linjetilbodet på den vidaregåande skulen, jobba dei mellom anna opp mot ordføraren.

Mangfald av saker
– Sjølvsagt er det veldig viktig at ungdom uttalar seg i ungdomssaker, vi har mellom anna vore med i skulesamanslåingsdebatten her i kommunen. Samstundes er det også viktig for oss å jobbe med andre saker  har vi også uttala oss i andre saker som byggeplanar, forklarar Lødøen.

Noko av det viktigaste for ungdomsrådet er tilbodet til ungdom i kommunen,  så dei har brukt mykje tid på saker som idrettsanlegg og kino, og dei skipar sjølve til rusfrie ungdomsarrangement.

LES OGSÅ: Slik påverkar du kommunen din

Ikkje utstillingsdokke
– Det er viktig at vi ikkje berre vert utstillingsdokke, men at vi har sjølvstendige meiningar, viser at vi bryr oss og at vi deltek på ting. Vi ynskjer å vera ein positiv faktor i heile lokalsamfunnet, forklarar Lødøen.

Han har opplevd at arbeidet i ungdomsrådet har vorte stadig betre, at dei vert take meir og meir på alvor, og at dei har fått eit sterkare samarbeid med dei vaksne politikarane.

– Eit ungdomsråd fungerar best når alle tek tak og er med på det som skjer, det har vi fått til. Vi har det ganske bra her og vi ynskjer å gjere ein innsats for heimbygda vår, avsluttar Jonas Lødøen.

Les fleire saker om ungdomsråd her!