– For mange studietilbod i Noreg
Studietilbodet i Noreg er for stort, meiner NHO-sjef Kristin Skogen Lund. Ho vil heller at utdanningsinstitusjonane spesialiserer seg framfor å prøve å tilby alt som finst.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vill vekst i studietilbod
– Det har vore ein vill vekst i talet på studieprogram, seier Lund til Dagsavisen.
Ho viser til at det i dag finst over 1.000 studieprogram på høgskule- og universitetsnivå. Det er for mange. Det er betre at utdanningsinstitusjonane spesialiserer seg, meiner ho.
– Alle kan ikkje drive med alt, slår ho fast.
LES OGSÅ: Slik vil nettet revolusjonera utdanninga
Ønskjer sju lærarutdanningar
Ho viser til at det til dømes er 20 institusjonar som tilbyr lærarutdanning, men meiner nivået kanskje burde vere sju, slik som i Finland.
– Då kunne du gjort dei sju betre enn det du klarer når du har 20, seier Lund.
LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030
Får støtte frå studentane
NHO-sjefen får støtte frå Norsk Studentorganisasjon (NSO), som meiner det er eit stort behov for arbeidsdeling mellom institusjonane.
– Til dømes er det mellom 35 og 41 økonomi- og administrasjonsutdanningar i Noreg. Det er omtrent to i kvart fylke, seier NSO-leiar Ola Magnus Rydje.
Han meiner dette er eit problem fordi fagmiljøa i Noreg ikkje har stor nok kapasitet til å handtere så mange utdanningar. (©NPK)
Les siste nytt om høgare utdanning her!
Kva synest du? Er det for mange utdanningar å velja i?