Dialektdronninga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist VTB møtte Yasmin Syed var ho og resten av teamet bak fjernsynsprogrammet Dialektriket heilt i startgropa av innspelinga. Det var januar 2013, og programleiar Yasmin skulle straks møte Frode Grodås, Noregs kanskje mest utskjelte knotar. Deretter stod resten av landet for tur. I til saman ti veker reiste NRK-teamet rundt for å utforske norske dialektar og ikkje minst kjenslene knytt til dialektane våre. Yasmin var spent både på innspelinga og mottakinga serien ville få når han skulle på skjermen.

No, når 2013 går mot slutten, kan ho senke skuldrene. Dialektriket blei i høgste grad ein suksess. 625 000 nordmenn benka seg framfor fjernsynet då programmet hadde premiere sundag 27. oktober. 

– Responsen har vore aldeles utruleg fantastisk bra. Og sjåartala har vore utrulege. Me fekk beskjed om at me skulle vera veldig fornøgde med mellom fire og fem hundre tusen, smiler Yasmin.  Og så blei det jammen meir. I snitt låg sjåartala på 611 000 per program – altså har 611 000 sjåarar sett på eit fjernsynsprogram der programleiaren snakkar kav vinjedialekt. Og sidan dei blei sitjande framfor skjermen sundag etter sundag, må vel det ha betydd at dei lika det dei såg og høyrde. 

– Viss det er nokon i landet som no ikkje veit kva «hòtt» betyr, så har dei ikkje fylgd med, slår Yasmin fast.  

Ambassadør? 
Akkurat det er nok noko av grunnen til at VTBs lesarar har stemt fram nettopp Yasmin Syed som årets vesttele. 

– Responsen frå Vest-Telemark har vore at dei er stolte over at eg formidlar dialekten i beste sendetid. Eg trur mange er glade for det, seier Yasmin. 

– Har du ei slags ambassadørrolle? 
– Eg har ikkje sett slik på det. Men eg er bevisst språket mitt. Eg har vore meir redd for å fornærme dei heime ved å snakke «feil», seier Yasmin, og legg smilande til:

– Men det høyrest jo fint ut å vera ambassadør, og det for den finaste staden òg. Så eg tek jobben, eg.  

LES OGSÅ: Dialekt-ambassadørane

Autoveksling 
Det er litt rart med Yasmin. Når ein ser på Dialektriket, tenkjer ein slett ikkje at ho har budd utanfor Vest-Telemark sidan 1982. Men det er nettopp det ho har. Som 15-åring flytta ho frå Edland til Skien for å gå på skule, og sidan har ho ikkje vendt tilbake anna enn på ferie. Heller ikkje familien hennar bur i Vest-Telemark lenger.

Kva er det då som gjer at dialekten likevel sit som spikra? 
– Tja. Det er litt som at eg har brune augo. Det berre er slik, liksom, svarar ho. 

Yasmin vekslar saumlaust mellom vinjemål, oslomål og normert nynorsk, som er arbeidsspråket hennar som kanalvert. Alt kjem an på situasjonen og kven ho er saman med. Vekslinga går automatisk. 

– Dotter mi, som eg har snakka bymål med i alle år, seier eg snakkar breiare no – at eg oftare snakkar dialekt. Det har altså blitt meir dialekt i automatikken i løpet av dette året, seier Yasmin. 

Knoting førekjem også. Men det er greitt, har Yasmin erfart under arbeidet med Dialektriket. 
– Eg snakkar meir dialekt, og eg knotar også meir enn eg gjorde før. Eg har fått eit mykje meir avslappa forhold til måten eg snakkar på etter programmet. Eg har lært at det ikkje er så farleg. At folk tenkjer «herreman, ho har ikkje budd her på 31 år, det ville vore rart om ho snakka heilt rein dialekt», seier ho. 

LES OGSÅ: – Skal ikkje snakke austlandsk til han

Yasmin håpar nettopp det er noko dei som har sett programmet også sit att med – at dei har kjensla av at det er greitt å knote og surre litt. At dei har fått eit litt meir avslappa forhold til dialekten sin. 

– Samtidig trur og håpar eg også programmet har bidrege til å gjera folk litt meir stolte av dialekten sin. Også i Østfold, der dialektane ikkje har hatt så høg status, seier Yasmin. Og då er ho fornøgd. Å ha gjort litt for å gjera folk stolte av måten dei snakkar på, betyr mykje. 

– Me tok utgangspunkt i kjenslene folk har for dialektane, og engasjementet og responsen viser at me trefte. Sjølv det brevet eg fekk, det var treff …  Brevet Yasmin snakkar om var anonymt, signert «Jævla faen», og avsendar la ikkje skjul på at han eller ho meinte Yasmin ikkje hadde noko i programmet å gjera: «For det første: Hva faen er det du tillater deg? du, som er innvandrer, og som ikke hverken kan eller vet noe som helst, og da altså heller ikke om vårt sprog og dialekter!?!».

Yasmin la ut brevet i sosiale media, og fekk eit lass med støtteerklæringar. Sjølv tok ho ikkje brevet tungt.
– Men det viser at me har treft der me ville. Me har rørt ved kjenslene folk har for språk og dialektar. Programmet har engasjert enormt, seier ho.  

– Ei stor ære 
Engasjementet har også ført til at Dialektriket-Yasmin er stemt fram som Årets vesttele av VTBs lesarar. 

– Det er jo litt spesielt å bli kåra til Årets vesttele, og ikkje ha budd der på 31 år. Men det er ei stor ære. Eg trudde kanskje dei hadde gløymt meg. Men prisen viser kanskje at det eg har gjort har betydd noko for dei. Det er veldig, veldig fint. Tenk at dei synest eg er verdig denne her, seier Yasmin og held rundt statuetten ho nettopp har fått – det handfaste beviset på heidersutmerkinga.

  – Og sjølvsagt er det litt rart at eg ikkje har gløymt dialekten etter alle desse åra. Eg synest jo det, smiler årets vesttele.

LES OGSÅ: Ut i verda – heim til Vinje

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!