Nøgde med å fjerna arveavgifta

2014 blir innleidd med symboltunge skatte- og avgiftskutt. For Frp-leiar og finansminister Siv Jensen er skrotinga av arveavgifta rosina i pølsa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er rosina i pølsa

– Eg er sjølvsagt veldig godt nøgd med at arveavgifta blir borte frå 1. januar. Ho har vore gjenstand for mykje politisk debatt så lenge eg har vore politikar, seier Siv Jensen i eit intervju med NTB.

Mange har sagt mykje om arveavgifta, det meste av det negativt.

– Men det måtte altså ei Høgre/Frp-regjering til for at ho faktisk skulle bli fjerna, legg ho til med eit stort smil.

Jensen er også godt nøgd med at skatt på alminneleg inntekt går ned, at minstefrådraget på pensjonsinntekt blir heva og at særfrådraget for store sjukdomsutgifter vert halde oppe.

– Det siste betyr mykje for dei som har store utgifter som følgje av sjukdomsbildet sitt, seier Jensen.

Gir og tar
2014-budsjettet som Høgre/Frp-regjeringa har forhandla fram med Venstre og KrF, inneber ingen dramatiske endringar i skatte- og avgiftssystemet. Likevel har budsjettet fått eit klart preg av skatte- og avgiftslette.

Skatten på alminneleg inntekt for både selskap og personar blir redusert frå 28 til 27 prosent. Minstefrådraget i pensjonsinntekt blir auka frå 26 til 27 prosent, og personfrådraget i skatteklasse 2 for ektepar blir redusert til 72.000 kroner for inntektsåret 2014. Den mykje omtalte formuesskatten blir redusert i 2014, slik at satsen no blir 1,0 prosent, og botnfrådraget aukar.

På den andre sida blir det klart mindre gunstig å ha lån i Husbanken og Statens Pensjonskasse. Det skuldast at den såkalla normrenta blir auka frå 0,5 til 1,25 prosent frå 1. mars, noko som vil gjere desse låna dyrare å betene.

I tillegg vil 2014 føre med seg ei høgre trygdeavgift, som rammar alle lønnsmottakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande. Grensene for bustadsparing for ungdom (BSU) blir auka til 25.000 kroner i året og totalt sparebeløp til 200.000. Også grensa for frådrag for gåver til frivillige organisasjonar blir auka, frå 12.000 til 16.800.

Ser mot 2015
Opposisjonen har hevda at det budsjettet som Høgre/Frp-regjeringa har sett sitt stempel på, tek frå dei fattige og gir til dei rike. Dei peikar blant anna på den reduserte formuesskatten og fjerning av arveavgifta.

Den raudgrøne opposisjonen har også hevda at dei som har mykje frå før, vil merke letta i for eksempel formuesskatten best.

Siv Jensen ser det motsett. Ho meiner enkelttiltak vil gjere at folk merkar regjeringsskiftet, og at endringane skjer gjennom fleire steg i rett retning.

– Gradvis kjem veljarane til å merke at det er eit taktskifte, seier Frp-leiaren.

– Alternativet er at ein går i feil retning.

Etter valseieren arva den nye regjeringa dei raudgrøne sitt budsjett for 2014. Dei borgarlege partia gjorde nokre endringar, men tek no i januar fatt på jobben med å snikre sitt første «eigne» budsjett.

Det knyter seg blant anna stor spenning til kor sterk den økonomiske veksten blir i Noreg framover. Prognosane peiker i retning av svekt vekst neste år, noko som kan gjere det enklare for regjeringa å forsvare auka bruk av oljepengar for å stimulere økonomien. (©NPK)

Les meir om statsbudsjettet her!