«Geek» er årets ord i den engelske Collins-ordboka. Dei har endra definisjonen frå datanerd til kunnskapsrik.

mm

«Selfie» vart kåra til årets engelske ord i Oxford dictionary si kåring. Sakte-tv er årets mest minneverdige ord her heime, ifølgje Sråkrådet si kåring.

I den engelske Collins-ordboka er det «geek», eller nerd på norsk, som stikk av med tittelen årets ord, melder britiske The Guardian. Ordet er kanskje gamalt, men har fått ei ny og meir positiv tyding.

LES OGSÅ: «Digital detox» i Oxford-ordboka

Frå data til kunnskapsrik
I september skifta nemleg ordboka definisjonen av slanguttrykket for nerd.

Før var nerd ein person som var svært opptatt av data, medan det no er vorte «ein person som er kunnskapsrik og entusiastisk til eit spesielt emne». Det er hovuddefinisjonen. Men det finst framleis ei mindre flatterande forklaring: «ein keisam og uattraktiv sosialt mistilpassa person».

I Oxford-ordboka er hovuddefinisjonenav ein nerd framleis den minst flatterande. Her heime er nerd ein «intelligent, men sosialt einspora person»i nynorskordboka.   

Ian Brookes, ein av redaktørane i ordboka, medgjev at ordet ikkje har fått ein massiv oppsving i språket i 2013. Det ordet må sannsynlegvis vere «twerk», meiner Brookes.

– Denne endringa i meining representerer ei positive endring i oppfatninga av spesialistekspertise. Dette er eit resultat av teknologiens påverknad på folks liv i 2013, seier Brookes til The Guardian.   

At framtidige generasjonar arvar ei meir positive oppfatning av ordet nerd vil ordboka feira.

LES OGSÅ: «Shitstorm» er no eit tysk ord

Endra ekteskap
Men nerd er ikkje det einaste som har fått ei ny tyding i den britiske ordboka. Ekteskap har òg fått ein ny definisjon i takt med samfunnsendringar og nye lover.

Collins-ordboka definerer no ekteskap som eit partnarskap mellom to personar. Oxford-ordboka og nynorskordboka har framleis ikkje gjort denne endringa. I nynorskordboka er ekteskap: «samliv mellom mann og kvinne bygd på rettsleg bindande avtale med offentleg status».

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE