Døveskule og venstrekøyring

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anne Carling (68) har aldri angra på at ho i 1969 reiste til Uganda på oppdrag for Fredskorpset. På sundag feira organisasjonen at det er 50 år sidan dei byrja å sende ungdom ut i verda.

Var pionerar
Sidan 1963 har 8000 legar, ingeniørar, musikarar, designarar, journalistar og andre reist på tvers av landegrenser med Fredskorpset i ryggen. Organisasjonen vart i si tid oppretta av Stortinget for at unge, norske fagfolk skulle arbeide side om side med lokalbefolkninga i utviklingsland. Målet var utvikling.

– Den gongen var Fredskorpset det einaste alternativet for unge, profesjonelle fagpersonar som ville reise ut. I dag har ein eit utal moglegheiter. I byrjinga hadde også deltakarane mykje mindre informasjon om stadane dei reiste til enn vi har i dag. I tillegg var ideologien som låg til grunn annleis før. Den gongen skulle ein reise for å hjelpe, i dag skal vi lære frå kvarandre, seier pressekontakt i Fredskorpset, Jørn Henning Lien.

LES OGSÅ: Dei superrike blir rikare

Kring 1500 fredskorpsarar reiste ut dei første 40 åra. Dei aller første hadde kurs mot Uganda.

– Desse tidlege fredskorpsarane var på mange måtar pionerar, seier Lien. 

Éin av desse var den nyutdanna førskulelæraren Anne Carling. I 1969 satte 24-åringen seg på eit fly med kurs for Entebbe, Uganda. Ho skulle drive barnehage for 21 døve og hørselshemma born – trudde ho.

Venstrekøyring og personalkonflikt
– Eg hadde aldri møtt eit døvt born før. Likevel, born kunne eg, så eg var ikkje uroa. Då eg kom fram synte det seg at å drive barnehagen berre var ein bitteliten del av jobben, fortel Anne.

Sytti born gjekk på Døveskulen, som barnehagen var ein del av. Førti av desse budde på skulen, og sov vegg i vegg med Anne.

– Når nokon vart sjuke måtte eg ta meg av dei. Eg stelte sår, trøysta og tok dei med til legen. På skulen måtte eg ordne opp i personalkonfliktar og frakte elevane til og frå aktivitetar. Då køyrde eg ein folkevognbuss full av born, i eit land med venstrekøyring. Kvar einaste dag møtte eg utfordringar eg aldri hadde trudd at eg skulle klare, fortel ho.

LES OGSÅ: Her er årets mest skadelege innsamlingsvideo

Anne strekar under at det var ein god skule ho kom til. Utfordringar mangla det likevel ikkje. Mellom anna skulle ikkje døve lære teiknespråk på 60- og 70-talet, men heller øve seg på å snakke og lese på lepper. Borna måtte bruke teiknespråk i smug, og kåra for å utvikle god kommunikasjon var dårlege. Det verste var likevel kvar onsdag, då Anne måtte møte på Døveklinikken på sjukehuset. Dit kom foreldre frå heile Uganda med born som kunne ha problem med høyrselen.

– Metodane var forferdeleg enkle. Dei ringde med ei bjølle bak hovudet på bornet, og dersom han eller ho ikkje reagerte var det avgjort at bornet var døvt. Då var det mitt ansvar å finne eit tilbod, men skulen var full og mange budde for langt vekke til at dei kunne komme på besøk, fortel ho.

Ho minnast ein pappa og hans ti år gamle gut som kom til klinikken. Guten vart diagnostisert som døv, men Anne hadde ingenting å tilby. Ho sendte dei heim att, og sa at dei måtte prøve så godt dei kunne å halde fram med den gode kommunikasjonen dei allereie hadde. På veg heim frå klinikken passerte Anne dei to, ruslande hand i hand langs grusvegen, nedtrykte av skuffelsen.

– Det var forferdeleg. Eg fekk vondt i magen og lova meg sjølv at eg ikkje skulle avvise fleire born. Det gjorde eg heller ikkje. Eg hugsar ei tre år gamal jente, som fekk bu på ein barneheim i nærleiken og besøke foreldra i ferien. Det var inga god løysing, men slik var det der.

LES OGSÅ: – Slepp unna norsk openheitslov

Eit andre heimland
Anne er glad for at ho ikkje visste om utfordringane på førehand. Då hadde ho kanskje ikkje reist.

– Dei to åra eg var i Uganda har prega heile livet mitt. Landet har lenge vore i krig, og eg reiste ikkje tilbake før i 1994. Kvart år sidan har eg vore i Uganda, og berre i år har eg reist dit tre gongar. Eg har framleis kontakt med somme av elevane frå Døveskulen. Eg har jobba på barneheim seinare òg, og er aktiv i organisasjonen Venner av Uganda. Landet er som mitt andre heimland, fortel Anne.

– Kva meiner du Fredskorspet har bidrege med i laupet av sine femti år?

– Eg trur ikkje Fredskorpset har skapt noko stor utvikling, men eg er overtyda om at organisasjonen har medverka til større forståing mellom menneske. Vi som har møtt kvarandre, har prega kvarandre, og når vi kjem heim påverkar vi andre gjennom å vise solidaritet. Eg veit at eg har betydd noko for dei eg har møtt, og at dei har betydd mykje for meg, seier ho.

LES OGSÅ: Tek oppgjer med stereotypiar

Paradigmeskifte
Anne sin konklusjon er ikkje unik. Ifølgje pressekontakt i Fredskorpset, Jørn Henning Lien, reiser dei fleste ut med store ambisjonar.

– Dei fleste av våre deltakarar fortel at dei lærer mest sjølve, seier Lien.

Sidan Anne reiste ut har talet på fredskorpsarar auka. Dei siste ti åra har kring 6.500 reist på utveksling via Fredskorpset. I dag har organisasjonen 100 prosjekt i 45 land, og reisene går i fleire retningar enn før – både frå nord til sør, frå sør til nord, og frå sør til sør.              

– Vi arbeider annleis no. Før rekrutterte vi fagpersonar som skulle fylle eit hol i landet dei reiste til. Når ein fredskorpsar var ferdig, tok ein annan over. No er utvekslinga gjensidig og arbeidet handlar i større grad om kunnskapsoverføring og å styrkje kompetanse i fellesskap.

Endringane i Fredskorpset kom etter ein periode då det hadde blitt stilt spørsmål ved den opphavlege idealismen i organisasjonen. I 1999 vart Fredskorpset fasa ut i si dåverande form, og starta på ny med gjensidig utveksling gjennom organisasjonar og bedrifter året etter.  

Nettopp idealismen er viktig for fredskorpspioneren Anne.

– Eg håpar at Fredskorpset held fram med arbeidet sitt. Og eg håpar at dei held fram med dei dårlege lønningane. Vi fekk forferdeleg dårleg betalt, og det var veldig fint. Det skal jo vere idealistisk.

LES OGSÅ: Stor konflikt, kort film