– Slepp unna norsk openheitslov

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjer det lettare å sleppa skatt

Årleg taper utviklingsland 10 gonger meir i ulovleg kapitalflukt enn kva dei får i bistand. Skatteparadis og finansielt hemmeleghald gjer det mogleg for selskap å snyta på skatten og unndra skattepliktig inntekt i det landet dei er etablert i.

Tysdag lanserte Changemaker ein rapport som tek for seg Lovforslaga til Finansdepartementet om ein Land-for-land-rapportering, eit verktøy for meir openheit om det som selskapa i skog- og utvinningsbransjen betaler i skatt. Med utgangspunkt i Angola, eit utviklingsland med store norske investeringar og der norsk næringsliv er tungt inne, blir konsekvensane av ei openheitslov sett lys på.

– Rapporten peikar på veikskapar og manglar ved lovforslaget som gjer at angolanske skattestyresmakter vil få nesten ingen informasjon som kan hjelpe dei med å avdekkja skattejuks, seier Ingrid Aas Borge, leiar i Changemaker.

LES OGSÅ: Vil avdekkje skjulte eigarar

– Gjekk vekk frå bestillinga
I forkant av lovforslaget, fekk ei arbeidsgruppe i oppgåve av finansministeren å utarbeide eit forslag. Changemaker meiner departementet har gått vekk frå sin eigen bestilling på fleire måtar, både ved å kutta "å unngå skatteunndraging" som hovudformål for lova, og berre pålegga selskapa å rapportera frå land der ein driv utvinning, ikkje frå alle land der selskapa er registrert.

– Lovforslaget har blitt så utvatna av byråkratane i Finansdepartementet at det knapt vil ha noko effekt i kampen mot skatteunndraging. Selskap som brukar skatteparadis slepp unna lova, seier Aas Borge.

Tax Justice Network har tidlegare kritisert forslaget til regelverk i Framtida.no.

Noreg – eit skatteparadis
Land-for-land-rapportering og finansielt hemmeleghald er òg aktualisert ved at organisasjonen Tax Justice Network kom med sin Financial Secrecy Index på fredag sist veke. Der var Noreg med på lista over skatteparadis for første gongen på grunn av ulike årsaker, der land-for-land er eitt av tiltaka som kan opne opp i det norske finansielle hemmeleghaldet.

Økonomisk kriminalitet
Angola er eit land som har opplevd eventyrleg vekst etter slutten på borgkrigen i 2002, men opplever store utfordringar med å omsetja veksten til forbetringar i levekåra for folk flest. José Eduardo dos Santos har 34 år i presidentstolen, og blir saman med andre parti- og militærtoppar skulda for å utnytta den politiske makta si til gjera seg sjølv og sin familie. Politiske prosesser er ofte svært lite gjennomsiktige, openheita om offentlege budsjett er svak og den marknadsregulerande rolla til store statseigde selskap som Sonangol og Endiama skaper utfordringar for etterrettelegheita i olje- og diamantsektoren. Vidare er tenesteleveranse til oljenæringa sett på å vera ein av de mest utsette for økonomisk kriminalitet.

• Rapporten peikar på at Angola er rangert som eit av verda s tjue mest korrupte land, og ifølgje IMF var det i 2011 vanskeleg å få oversyn over 32 milliardar dollar av offentlege utgifter, ein firedel av Angolas bruttonasjonalprodukt.
• Statoil rapporterer årleg tilnærma land-for-land-standardar, men av dei 3,4 milliardar kronene dei rapporterte frå Angola i 2012, er det vanskeleg for angolansk sivilsamfunn å få oversyn over kvar dei har enda opp.

Faktaboks

Land-for-land-rapportering (LLR) er ein rapporteringsmal som bryt ned finansielle nøkkeltal på landbasis, i tillegg til tala som internasjonale konsern allereie oppgjev.

Changemaker ønskjer:
• Kampen mot skatteflukt bør vera eit hovudformål ved land-for-land-rapportering.
• Land-for-land-rapporteringen bør skildra eit breitt utval av finansielle opplysningar som er tilstrekkeleg spesifisert og gjeld for alle jurisdiksjonane eit selskap er registrert i.
• Rapporten bør koma som notar til rekneskapet til selskapa omfatta av regelverket.
• Land-for-land-rapportering bør gjelda for alle sektorar.