Julehjarte for nerdar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jula nærmar seg med stormsteg, og dei fleste er i gong med førebuingane. Kanskje er det julegåvene du bruker mest tid på, men også juletreet skal pyntast før den store kvelden kan komme.

Å lage julepynten sjølv kan vere tidkrevjande. Om du likevel ønskjer å ta pynten litt lenger i år, så kan den danske forskaren Gerth Brodal hjelpe deg.

LES OGSÅ: «Selfien» er gamalt nytt

Brodal er lektor ved Institutt for datalogi, Universitetet i Aarhus. Han har skapt ein nettbasert julehjartegenerator, som kan designe særeigne julehjarte med tal og bokstavar.

LES OGSÅ: Overvakar regnskogen på Facebook

Ifølgje Brodal er det svært komplisert å skape riktig mønster for å kunne flette namn inn i julehjartet. Ved å skrive inn i julehjartegeneratoren på heimesida til Brodal, kan du enkelt få den teksten du vil, både framme og bak. Alt du treng er ei god saks.

Sjå forskaren forklare oppfinninga her:

Julehjerter for nørder frå Aarhus Universitet på Vimeo.

LES OGSÅ: Virtuell natur gjer oss godt