Overvakar regnskogen på Facebook
Ved hjelp av mobiltelefon og Facebook skal lokale krefter trekkjast inn i arbeidet med å verne regnskogen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Facebook til regnskogvern
Drygt seks av dei sju milliardar menneska i verda har tilgang på mobiltelefon. Det opnar opp for nye måtar å redde regnskogen på.
LES OGSÅ: Avskoginga aukar kraftig i Amazonas
Satelittovervaking
Forskarar og naturvernorganisasjonar kan følgje med på regnskogane via satellittbilete, men enkelte synest ikkje det er nok, skriv Forskning.no.
Forskarar frå Wageningen-universitetet i Nederland har saman med det tyske naturvernforbundet Naturschutzbund sett i gang eit prosjekt med å få hjelp frå vanlege folk til å overvake regnskogen med mobiltelefon og Facebook.
– Frå verdsrommet ser vi berre at noko skjer, vi ser ikkje kva det er som skjer, eller kvifor, seier professor Martin Herold ved Wageningen-universitetet.
LES OGSÅ: – Løpet er køyrt for norsk klimatruverde
Facebook-varsel
Forskargruppa hans har oppretta ei Facebook-gruppe for dei 30 skogvaktarane i eit Kafa-reservatet i Etiopia, og her får dei informasjon om utviklinga. Om skogvaktarane finn ei endring på bakken, bruker dei Facebook til å varsle både kollegaene og forskarane.
– Lokalsamfunna er dei beste til å samle data, og ein mobiltelefon er eit verktøy som kan nyttast til å dele data, posisjon og bilete. Med denne teknologien kjem informasjonen mykje raskare fram, seier Niki Mardas i regnskog-tankesmia Global Canopy Programme.