Virtuell natur gjer oss godt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du ein foss, ei strand eller ein skog som skrivebordsbakgrunn? Eller kanskje dyrkar du tomatar i Farmville eller er ein av dei elleve millionane som vandrar rundt i World of Warcraft sine eksotiske landskap? Då opplever du virtuell natur – og det er sannsynlegvis bra for deg.

Natur aukar trivselen
Sue Thomas er forfattar av Technobiophilia: Nature and Cyberspace og arbeider for tida ved Universitetet i Bournemouth. På nettstaden The Conversation skildrar ho korleis virtuell natur kan motverke mental utmatting. Ifølgje Thomas har natur ein positiv effekt på merksemda vår. Den kan hjelpe oss å handtere distraksjonar og auke kjensla av trivsel – sjølv om vi ser den på ein skjerm.

LES OGSÅ: Framtidas framkomstmiddel?

Lenkja mellom natur og trivsel har vore kjent lenge. På 80-talet fann psykologane Rachel og Stephen Kaplan at til og med små glimt av natur hadde målbar verknad på folk si trivselskjensle. Personar med naturlege miljø i nærleiken hadde betre helse og var meir nøgde både heim og på jobb, enn dei utan natur i nærleiken.

Seinare studiar har synt at dei positive effektane framleis er der, sjølv om ein ser naturen gjennom eit vindauge, på eit bilete eller i ein video.

Også virtuelle landskap, som World of Warcraft eller Farmville, kan auke trivselskjensla. Psykologen Deltcho Valtchanov har konstruert ulike virtuelle miljø og testa reaksjonane til 69 personar. Det første miljøet var ei samling tredimensjonale geometriske figurar, det andre var eit tettpakka urbant miljø, og det siste ei virtuell gjenskaping av ei naturleg øy, med fossar, tre, blomar, plantar, stigar og strender.

LES OGSÅ: Overvakar regnskogen på Facebook

Valtchanov fann at det virtuelle naturlandskapet auka positive kjensler som lukke og vennlegheit. Samstundes vart deltakarane mindre redde, sinte og triste når dei var i det virtuelle naturlandskapet. Dei andre virtuelle romma hadde liten effekt på deltakarane.

Teknobiofili
Ordet biofili blir brukt for å skildre mennesket sin medfødte kjærleik til naturen. Sue Thomas kallar tiltrekninga mot virtuell natur for teknobiofili og meiner fenomenet kan gjerast nytte av.

Ved å leggje inn naturelement i design av teknologien, kan vi ifølgje Thomas skape ein sunnare og meir produktiv balanse mellom teknologi og natur i våre tilkopla liv.

LES OGSÅ: Vil bryte ned eksos med solljos