Sju av ti unge leiarar trua av utbrentheit

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge leiarar ofte utbrente

Meir enn 20 prosent av norske leiarar har slite med utbrentheit og over 40 prosent har vore i risikosona. Verst er det blant dei yngste, der over 70 prosent har vore utbrente eller står i fare for å bli det.

Dette kjem fram i ei undersøking frå bemannings- og rekrutteringsselskapet Proffice, utført blant over 2.500 yrkesaktive over heile landet, både leiarar og tilsette utan leiaransvar.

Undersøkinga har tatt for seg den nye digitale arbeidskvardagen og korleis det påverkar oss å vere tilgjengelege heile tida. Her kjem det fram at over 60 prosent av norske leiarar enten har vore utbrente eller er i risikosona for å bli det. Blant leiarane under 35 år er tala endå meir alarmerande. Her svarer over 70 prosent bekreftande på same spørsmål.

LES OGSÅ: Ungdom med fysikk som 70-åringar

Stress er verst
– Verdshelseorganisasjonen (WHO) har erklært stress som den største helsefaren i vårt hundreår. Her i Noreg ser vi at langvarige sjukmeldingar stadig aukar, og sjukdommar som kan relaterast til stress – blant desse utbrentheit – utgjer rundt 80 prosent av langtidssjukmeldingane. Når ein så stor del av dei som framleis er tidleg i yrkeskarrieren sin står i fare for å falle utanfor, gir det grunn til bekymring, seier direktør i Proffice Norge, Stein Andrè Haugerud i ei pressemelding.

Pressar seg
Mange leiarar presser seg sjølv for hardt. 65 prosent seier dei er så pliktoppfyllande at jobben er ei last, og «flink pike-syndromet» er slett ikkje berre blant jenter.

Rett nok seier 68 prosent av dei kvinnelege leiarane at pliktkjensla deira går så langt at det blir til ei last for dei, men dei mannlege leiarane ligg ikkje så langt unna på skalaen med sine 63 prosent.

Også her ligg dei største forskjellane mellom aldersgruppene: Leiarar under 45 år merkar belastninga i langt større grad enn deira eldre kollegaer gjer.

LES OGSÅ: Éin av fem treng hjelp mot depresjon