Natur og ungdom-leiar til Bellona

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NU-leiar til Bellona

– Eg er mektig imponert over den jobben Silje Lundberg har gjort, ikkje minst i kampen for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Klimakampen treng unge, uredde og kunnskapsrike eldsjeler, og vi gler oss over at ho vil fortsette den jobben hjå oss i Bellona, seier Bellona-leiar Frederic Hauge i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Fastar for Filippinane og klimaet

– Motmakt til oljeindustrien
I snart to år har Silje Lundberg frå Harstad vore leiar i Natur og ungdom, etter to år som nestleiar. Ho sit òg i Naturvernforbundets sentralstyre og landsstyre.

– Eg gler meg til å fortsette å jobbe for kutt i norske klimagassutslepp og for at olje- og gassindustrien skal haldast unna sårbare område med store naturverdiar. Eg ser fram til å fortsette denne viktige jobben i Bellona, som lenge har vore ei høgkompetent og tung motmakt til oljeindustrien, seier Silje Lundberg i ei pressemeldinga frå Miljøstiftelsen Bellona.

LES OGSÅ: – Løpet er køyrt for norsk klimatruverde

Stoppe gruvedumping
Ålesundaren Arnstein Vestre (22) er innstilt til å ta over som leiar i Natur og ungdom ved neste landsmøte. Han har hatt plass i sentralstyret sidan 2011.

– Det viktigaste for meg og resten av organisasjonen er å stoppe gruveindustrien frå å dumpe meir gruveavfall i norske fjordar og å sørgje for at den nye regjeringa tek ansvar og kutter klimagassutsleppa i Noreg, seier Arnstein Vestre i ei pressemelding frå Natur og Ungdom.

Ingrid Skjoldvær (20) frå Sortland er innstilt som 1. nestleiar, medan Ida Lovise Skylstad (21) frå Trondheim er innstilt som 2. nestleiar.

LES OGSÅ: Jublar for Lofoten og Vesterålen