NASAs romteleskop Hubble har funne teikn til at geysirar bryt ut frå overflata på Jupiter-månen Europa.

 


NPK-NTB
NPK-NTB

Forskarar har lenge hatt teoriar om at den isdekte månen kan skjule eit enormt hav under overflata. Desse teoriane ser no ut til å vere styrkte.

LES OGSÅ: NASA finn nye planetar 

Pressa Hubble-teleskop
Hubble-teleskopet har observert spor av vassdamp ved å granske nordlyset over sørpolen til månen. Forskarane bak oppdaginga seier dei har pressa romteleskopet til yttergrensa.

– Den enklaste forklaringa på funnet av vassdamp er at han har brote ut i dampsøyler frå overflata, seier forskaren Lorenz Roth ved Southwest Research Institute i San Antonio.

Han er hovudforfattaren bak forskingsrapporten, der funna blir presenterte.

LES OGSÅ: «Houston we have a problem» 

Utanomjordisk liv
Flytande vatn blir rekna som ein føresetnad for liv, og Europa kan dermed vere ein svært aktuell stad å leite etter utanomjordisk liv i solsystemet.

NASA har tidlegare oppdaga geysirar som bryt ut frå overflata av Saturn-månen Enceladus. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48
ANNONSE