Her er årets mest skadelege innsamlingsvideo

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rusten pris til ChildFund

– ChildFund er ein verdig vinnar fordi filmen inneheld alle dei klassiske stereotypiane: barn som ikkje kan snakka for seg sjølv, ein kvit mann som snakkar for dei, og eit alvorleg problem som kan løysast berre du gjev 92 cent, seier Anja Bakken Riise, leiar i SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond), i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Tar oppgjer med stereotypiar

Rustent eller gyldent
I år er første året SAIH deler ut prisane Rusty Radiator og Golden Radiator. Den første til ein innsamlingsvideo som på skadeleg vis speler på fordommar, den andre til ein video med ein meir positivt ladd bodskap.

Utdelinga gjekk høgtideleg føre seg med raud løpar i Oslo denne veka, etter ein debatt om temaet. 

Vinnarvideoen visar ein ein kvit vaksen mann saman med lokale born, som er stille passive, med store lidande auge. Mannen uttalar at dei er: «too poor for words».

Canadiske ChildFund slo norske Stian Blipp og Plan Norge i ei internettavstemming mellom fire finalistar, valgt ut av ein fagjury. Fleire av innsamlingsaktørane hadde henta inn kjendishjelp. Street King Energy brukte rapparen 50 cent, medan Unicef USA hadde henta inn skodespelar Alyssa Milano.

LES OGSÅ: Stormakt på bistandstoppen

Youtube-radiator
Rusty Radiator-prisen har fått namnet sitt frå SAIH sitt førre stunt, fjorårets Radi Aid: Africa for Norway, ein Youtube-hit som spelte på musikalske innsamlingsaksjonar til Afrika. Med over 2,3 millionar visningar lukkast organisasjonen i høgste grad i å skape debatt rundt innsamlingar og stereotypiske framstillingar av det afrikanske kontinentet. Det er nestleiar Magnhild Bøgseth nøgd med.

– Så vonar me at bistandsorganisasjonane i framtida vil verte meir bevisste på korleis dei framstiller ting, seier Bøgseth.

Ho merkar at saka skapar engasjement, anten ein er einig i at ein skal samle inn pengar og korleis ein gjer det, eller ikkje. I tillegg er temaet høgaktuelt rundt juletider, då det dukkar opp ekstra mange annonser for fadderborn rundt om på ulike nettstader.

LES OGSÅ: Framleis ein prosent i bistand

Ikkje mot bistand
Mange afrikanske akademikarar meiner den unyanserte framstillinga øydelegg både for handel og turisme.

Bakken Riise forklarar at prisen har til hensikt å slutt på svartmålande innsamlingsvideoar som speler på fordommar.

SAIH strekar under at dei ikkje er mot bistand, men meiner at det å samle inn pengar ikkje er nok for å løyse verdas fattigdomsproblem. I vinnarvideoen heiter det at berre 92 cent skal til for å redde eit liv.

Organisasjonen meiner mange av videoane dekker over dei faktiske årsakane til fattigdommen. I staden framstiller det menneske i nød på ein måte som går ut over folks verdigheit. Debatt og handling er viktig, men må baserast på kunnskap, ikkje stereotypiar, meiner Bakken Riise.

– Det massive omfanget av denne typen reklame, saman med ei snever mediedekning, gjev eit unyansert bilete, seier leiaren av SAIH, som meiner forenklinga kan trekkje fokus bort frå Noreg og andre rike land si rolle ovanfor utviklingsland.

– Bistand er berre eitt av mange politikkområde som er viktige for utvikling. Nokre andre er illegitim gjeld, ansvarlege investeringar, arbeidarrettar, skatteparadis og ulovleg kapitalflukt, våpeneksport, klima og energipolitikk, handelspolitikk, turisme og patentreglar for tilgang på teknologi og forskingsresultat, seier Bakken Riise.

LES OGSÅ: UNICEF: Barnedødelegheita halvert sidan 1990

Lyspunkt
Men det finst gode eksempel på korleis ein innsamlingsvideo kan sjå ut. Wateraid, Plan Storbritannia og Water is life var mellom dei som klarte å vidareformidle positive bodskap.

Vinnarvideoen frå Microfinance gav fagjuryen ei god kjensle. Til Jessie J si låt Price Tag, dansar 500 kvinner frå Uganda og syner kva dei vil ha.

– Her ser me kvinner som tek skeia i eiga hand og er endringsaktørar i eige liv. I tillegg brukast humor og popkultur på en gøyal måte, som oppfordrar til engasjement, ikkje apati, seier Bakken Riise.

Sjå filmen som vann Golden Radiator for beste innsamlingsvideo under: