Skuleforskar åtvarar mot testhysteri

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskar åtvarar mot testhysteri

– Det er ein stor misforståing at dei nasjonale prøvane seier noko om kor god den enkelte skulen er, seier professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda til Klassekampen.

Han åtvarar mot å lese for mykje av resultata og fryktar at alle prøvane og testane elevane må gjennom, fører til at skulane blir meir opptekne av gode testresultat enn av god undervisning.

LES OGSÅ: – Me har eit realfagsproblem

Læreplanen styrer
– Det er ein reell fare for at fleire skular ønskjer å gjere det godt på testane og dermed underviser for å få gode prøvar framfor å følgje læreplanen. Vi får rapportar frå lærarar og skular der det går fram at dette skjer, og då er ein på ville vegar, seier Haug.

Professoren presiserer at det er læreplanen som skal styre undervisninga, og ikkje prøvane. Han viser blant anna til at PISA-testen ikkje er relatert til den norske læreplanen som elevane skal følgje.

–  PISA-testane seier noko om kvaliteten på den norske skulen, men slett ikkje alt. Når våre elevar ikkje presterer spesielt godt, så er dette eit uttrykk for at tinga PISA spør etter ikkje står så høgt i kurs hos oss som i andre land, seier Haug.

LES OGSÅ: Forskar slaktar skuletest 

Ueinig med statsråden
Resultata frå nasjonale prøvar i rekning for 5., 8. og 9. trinn vart offentleggjort tysdag. Testane viser same tendens som tidlegare år: Gutane gjer det litt betre enn jentene på alle trinn, og det er store forskjellar mellom fylka, spesielt når det gjeld delen elevar på det lågaste meistringsnivået.

PISA-undersøkinga frå OECD i år viste at norske elevar er dårlegare i matte og naturfag enn for tre år sidan, og ligg langt bak dei beste landa. Dei er derimot flinke til å lese.

Peder Haug er heilt ueinig med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) som har ytra ønskje om å offentleggjere resultata frå dei nasjonale prøvane heilt ned til den enkelte skule. Han meiner dette kan føre til ei rangering av skular basert på feilaktige slutningar.