Vigdís får nordisk språkpris

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å høyra den første demokratisk valde kvinnelege presidenten i verda snakka om språk, på skandinavisk med målande islandsk aksent, kan inspirera sjølv den minst språkinteresserte tilhøyrar, skriv juryen i grunngjevinga si.

Vigdís Finnbogadóttir jobba i sin presidenttid (1980-96) spesielt med å fremj det islandske språket. I dag er ho UNESCO-ambassadør for alle verdas språk, rettane til kvinner og retten til utdanning.

Les større intervju med Vigdís her:– Språket er slottet vårt

Viser veg framover
Foreningen Norden meiner prisvinnaren har «ei unik evne til å visa veg både framover og bakover, å balansera historie og kulturarv med innovasjon, og driva språkvern og vidareutvikling parallelt. At ein politikar prioriterer språk er prisverdig i seg sjølv. Gjennom heile virket sitt har Vigdís stått som eit fyrtårn innan nordisk språkpolitikk».

– Eg er så glad for at hjartesaka mi har blitt lagt merke til, seier ein glad og beæra Vigdís Finnbogadottír om tildelinga.

– Hjartesaka mi er grunnlaget som språket har for all kunnskap og kultur i verda – og ikkje minst at me, som talar språk så nær i slekt, må kjempa vidare for å snakka saman på dei nordiske språka. Språka våre bind oss tett saman i ein vennskap, der felles minne blir respektert, og som viser vegen til framtida, seier ho i ei pressemelding.

QUIZ: Kan du islandsk? Prøv deg her!

QUIZ: Forstår du svensk og dansk? Test deg her!

Faktaboks

Nordens språkpris
• Foreningen Norden deler årleg ut Nordens språkpris «til ein person, institusjon, styresmakt, organisasjon, selskap eller eldsjel som på ein innovativ og god måte bidreg til å styrkja den nordiske språkforståinga».
• Dette er fjerde gongen prisen blir delt ut.
• Dei tre føregåande årane har prisen blitt tildelt:
skodespelaren Ghita Nørby (2012)
artisten Timbuktu (2011)
programleiaren Fredrik Skavlan (2010).