Dialekt-ambassadørane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me gler oss og det er fyrste gong me er samla så mange her i isslottet som dette rommet heiter. Om lag 270 elevar er på plass denne språkdagen. Yasmin Syed er fyrste gjesten vår i dag. Ho er fødd i London og oppvaksen på Tveiten nærare Edland. Ho er kjent for mange som programleiar i forskjellige fjernsynsprogram og ho har også hatt skodespelarroller, mellom anna i «roadmovien» «Halvvegs til Haugesund», innleidde rektor Anders Sandvik.

LES OGSÅ: Vil markere Språkåret 2013 i heile landet

Kjent andlet 
Yasmin Syed har vore tilsett i NRK sidan 1997 og mange har sett det blide andletet hennar på fjernsynsskjermen, anten som kanalvert, som ein av programleiarane i «Jolemorgon» for nokre år tilbake, i «Telemarkskanalen minutt for minutt», eller no nyleg i «Dialektriket».
– Mange har nok sett meg som hallodame, som mange vel å kalle kanalverten. I dag er eg her fyrst og fremst fordi eg var programleiar for «Dialektriket», smiler Yasmin.
– Tanken på å lage eit program om dialektar var både vanskeleg og takknemleg, legg ho til.

LES OGSÅ: Ny CD frå Nordstoga

Knota ho også 
Ho flytta frå Vinje kommune til Grenland som 16-åring og vedgår at ho då la om dialekten sin.
– Det var liksom litt bondsk å snakke dialekt, og eg må vel tilstå at eg blei litt feig og la om. Eg fekk min eigen by-identitet då eg var i Skien og så var eg meg sjølv når eg var heime, seier ho.
Arbeidet med «Dialektriket» opna på mange måtar augo til Yasmin og forholdet hennar til dialekten.
– Det var då det gjekk opp for meg kva dialekten eigentleg betyr for meg. Dialektar knyter folk til stadene dei kjem frå, og eg er gørrstolt av dialekten min. Eg høyrer til ein stad. Du kan på mange måtar kle på deg ein dialekt på same måte som du tek på deg ein bunad eller eit supporterskjerf. Du vel sjølv, fortel Yasmin.

Stikkord: Kjensler 
– Kva var dei største utfordringane ved å lage eit program som «Dialektriket»? 
– Å finne konseptet som kombinerte temaet med læring og underhaldning var utfordrande, men så fort me fann ut at kjensler skulle vere den raude tråden, gjekk det bra, svarar Yasmin.
– Kva tenkjer du om dialektane i Noreg, står dei sterkt? 
– Det meiner eg dei gjer, men det kjem an på kven du spør. Dei som er fødde på 1960- og 1970-talet meiner ja, medan dei yngre ikkje er like sikre på det. Dialektane er ein så stor del av identiteten at for meg er det utenkjeleg og lite ynskeleg at han blir borte, slår ho fast.
– Kva er det som provoserer mest innan dialektane, kan det vere knoting, ville ho vite.
– Knoting kan vere bra slik at eg blir forstått, svara ein av dei mange elevane i salen.
– Nettopp, og det er ofte derfor me knotar. Til og med Odd Nordstoga knotar i blant, og ja, eg gjer det sjølv også. Knoting skriv seg attende til 1600-talet då enkelte bønder prøva seg på å snakke dansk for å gjere seg litt betre enn dei eigentleg var, forklarer Yasmin.

– Skilje seg ut 
Og dermed var det klart for gjest nummer to på språkdagen i nye, flotte Åmot skule, nemleg Odd Nordstoga.
– Gjer dykk klare for ein av Åmots skule mest kjende elevar, sa rektoren. 
– Kva betyr dialekt for deg utover at det er ein måte å rø på? 
– Det er veldig viktig for identiteten, ikkje minst for meg som er mykje i det offentlege ljoset. Det er også ein måte å skilje seg ut på, i alle fall når ein er ganske trygg i dialekten. Sjølv er eg mykje på farten og eg blir veldig fascinert av å møte folk som rør dialekt same kvar eg er i dette landet, svarar han.
– Og eg trur det er ein myte at folk ikkje forstår kvarandre. Me må lytte og ville skjøne det, legg han til.
– Både du og Yasmin Syed er mykje i det offentlege rom. Trur du det er viktig for å bevare dialektane?
– Me gjer dialekten kjent og det betyr mykje. Men me blir også påverka av miljøet me er i. Ta til dømes son min, viss han seier at noko er kult, så svarar eg ja, det er kult, smiler Odd Nordstoga.
På scenen byrja han konserten med «November» før han gjorde plass til «Frøken Frantzen», «Bestevenn» og mange fleire. 
Fleire av elevane ved Edland skule hadde laga seg t-skjorter med ord og uttrykk. Mellom anna fann me ord som øvlæti, tvaddut, Æddan, søssøvøri og ømleg. 

Flotte premiar i stilkonkurranse 
Det var også ein konkurranse der elevane skulle skrive ein stil. Hovudvinnaren blei Wiel Margit Kostveit frå Rauland skule. Ho vann ein Ipad Air, medan Levi Holt Brattland frå Edland skule fekk juryprisen og vann ein Ipad Mini.
– Det var stor stemning då kåringa fann stad. Me er i det heile kjempefornøgde med denne dagen, slår rektor Anders Sandvik fast. 

Saka var først publisert i Vest-Telemark blad