Stoppar studieavgift for utlendingar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stoppar studieavgift

I går kveld vedtok KrF si stortingsgruppe at dei ikkje vil ha studieavgift ved norske universitet og høgskular, melder NRK.no.

LES OGSÅ: – Ein sinnsjukt dårleg idé

–  Handlar om sosial mobilitet
Regjeringa sitt forslag var å innføre skulepengar for studentar frå utanfor EØS-området frå 2015.

Leiar i KrFU, Emil André Erstad, har kjempa imot dette forslaget.

– Det er utan tvil bra at me har et gratisprinsipp i Noreg. Det som gjeld for norske borgarar bør òg gjelde for andre som kjem hit for å studera. Det handlar om sosial mobilitet. Elles driv me ei usolidarisk forskjellsbehandling, seier KrFU-leiaren.  

Erstad er glad for at moderpartiet har gått inn for å verna om gratisprinsippet og følgje lovnaden sin frå valkampen.

LES OGSÅ: Færre nye utanlandske studentar

 Ikkje lenger fleirtal
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, forklarte tidlegare denne månaden kvifor regjeringa vil innføre ei slik ordning for nokre utanlandske studentar.

– Me er usikre på om ordninga me har i dag bidreg til internasjonalisering på ein god måte. Me veit ikkje om me tiltrekkjer oss dei studentane me ynskjer oss, sa Haugstad til NRK tidlegare denne månaden.

Venstre og KrF står no saman mot regjeringa i dette spørsmålet. Det er difor lite sannsynleg at ei slik ordning vert innført.

– Då er det ikkje fleirtal for regjeringa lenger, slår Venstre-leiar Trine Skei Grande fast, og peikar på at gratisprinsippet innan høgare utdanning er eit viktig prinsipp.