– SMS-dialekt kan truga nynorsken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kan truga nynorsken

Skriv du på dialekt på SMS og Facebook? Då er du ikkje den einaste.

Forfattar og språkforskar Helene Uri ser ein stor auke i dialekt i sms-språket.

– Skriving på dialekt kan gjera framtida for nynorsk som skriftspråk meir usikker, seier ho til NRK. Ho meiner nynorsken vil tena på ei trong norm, men legg til at om nokon les noko på ein nynorsk-nær dialekt, så kan det trigga interessa for nynorsk litteratur.

LES OGSÅ:SMS – setningar med smilefjes

Språkforskar Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø har nettopp gjeve ut boka «Språkleg toleranse i Noreg – Norge for faen!». Han ser også at mange unge menneske bruker dialekt i staden for nynorsk. Han meiner den store utfordringa er den totale mengda nynorsk som ungdom blir eksponert for.

– Det meste me omgjev oss med av tekst i dagleglivet er bokmål. Det er heilt vanleg at elevar med nynorsk som opplæringsmål lærer seg bokmål før dei møter det som sidemål på ungdomsskulen. Bokmål er dermed ikkje truga av skriftleg dialektbruk på same måte som eg meiner nynorsk er det, seier Vangsnes til statskanalen.

LES OGSÅ:Dette er Noregs mest sexy dialekt