Europa er ikkje ein annan stad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Simen Ekern er journalist og forfattar, og har sidan 2008 vore busett i Brussel.

– Brussel er ein spennande stad å bu for tida. Folk her diskuterer mykje, og gjerne går diskusjonen på kva Europa skal utvikla seg til. EU er ikkje berre noko ein enten er for eller imot, slik ein kan få inntrykk av gjennom norske media.

LES OGSÅ: EU-kritikarane gler seg til EU-valet

EU er i støypeskeia
Tidlegare har Ekern jobba for Dagbladet, og gitt ut bøker både om den tidlegare italienske statsministeren Berlusconi og om Roma, ei bok han fekk Brageprisen for i 2011. No jobbar han for Morgenbladet og TV2, men skriv også på ei bok om Europa. Kva EU utviklar seg til, vil påverka heile Europa, trur Ekern.

– Kontinentet vårt har ikkje vore så internasjonalt sidan 1913, rett før første verdskrig. Då kjende også politikarane kvarandre over landegrensene, norske kunstnarar reiste til Tyskland og så vidare. Så kom krigane. Ikkje før i 1970 var landa sine økonomiar like tett vevd saman igjen.

Kan det same skje no? Kan finanskrisa føra til at nasjonalstatane snur ryggen til ideen om eit samarbeidande Europa?

– EU er i støypeskeia. Eg har valt å snakka med europeiske historikarar og politikarar i staden for å trekka fram enkeltskjebnar påverka av finanskrisa.

Ekern har blant anna intervjua den italienske professoren og tidlegare statsministeren Mario Monti, leiar av teknokratane som skulle rydda opp i den italienske finanskrisa, og historikaren Geert Mak, kjend som forfattar av boka Europa – en reise gjennom det 20. århundre.

Begge ser fordelar ved eit samla Europa. Monti meiner den europeiske økonomien er så internasjonal at nasjonalstatane er nøydde til å samarbeida. Geert Mak vil gjerne få folk til å forstå at heile det europeiske samarbeidsprosjektet faktisk kan bryta saman.

– Diskusjonane om kva Europa skal vera finn stad her og no, påpeiker Ekern.

– Eg har diverre eit bilete av at felles europeiske problem ikkje når fram i media. Dei er mest opptekne av det nasjonale. Slik er det kanskje også i skulen?

LES OGSÅ: EU vil ha mindre fart i støvsugarane

Europa er der du bur
Det nye utdanningsprogrammet til EU, Erasmus+, legg stor vekt på mobilitet av menneske og samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv. Trur Ekern at utdanningsprogramma kan gjera ein forskjell i eit Europa ramma av finanskrise?

– Absolutt. Det er ei naudsynt satsing. Men det er viktig, når utdanningsprogrammet vert promotert frå Europakommisjonen si side, å få fram at dette ikkje først og fremst handlar om å utdanna lett flyttbar arbeidskraft. Slike samarbeid må jo også handla om å få innsikt i andre europeiske måtar å leva på, å oppleva andre språk og kulturar.

Dersom folk flyttar for mykje på seg, oppstår såkalla hjerneflukt, understreker Ekern. Dette er allereie ei velkjend problemstilling i Sør-Europa.

– Utdanningsprogram som Erasmus+ skal også gjera nytte der folk er, ikkje berre bidra til at ungdom reiser vekk. Europa er jo ikkje berre ein annan stad, men også der du bur. Den dimensjonen blir lett gløymd.

LES OGSÅ: Vil gjera Venstre gladare i EU

Ingen generasjon Y
Nærare 26 millionar europearar er for tida registrert som arbeidslause, ifølgje Eurostat, EU sitt statistikkbyrå. Blant ungdom toppar det seg i Spania og Hellas, der om lag annakvar ungdom, over femti prosent, er arbeidsledige.

– I media snakkar ein gjerne om ein tapt generasjon, men eg meiner dette er for tidleg å seia. Det som derimot er sikkert er at for første gong sidan andre verdskrig finst det no i mange europeiske land ein generasjon som har det verre enn foreldra sine, økonomisk. Dette er langt frå den såkalla «generasjon Y» i Noreg som forventar at verda ligg open for dei.

I dei sør-europeiske landa er det også stor arbeidsløyse blant dei som faktisk har utdanning, påpeiker Europa-forfattaren.

– Det viser at utdanning ikkje løyser alle problem. Men, i tillegg til å bygga opp økonomien kan utdanning vera med å minska forskjellane. Ekern trur elevar og studentar i dei verst råka landa kjenner på alvoret.

– Dei tek ikkje utdanning berre for å realisera seg sjølve. Dei jobbar hardt, og veit at ikkje noko kjem gratis. Dette kan nok alle i Noreg læra noko av.

LES OGSÅ: EU er imot norsk ostetoll

Anti-EU og komikk
– Når me snakkar med folk om internasjonalisering i Noreg, hender det at me får kommentarar som til dømes at «me utdannar lærarar som skal jobba i Noreg, så internasjonalisering har berre avgrensa relevans for oss». Kva tenker du om det?

– Om ein tenker slik, set ein grenser for seg sjølve. Me veit jo ikkje kor lenge vår velstandsboble varer. Noreg heng saman med kontinentet, og er avhengig av det både økonomisk og sosialt. Me har også eit ansvar for kvar Europa endar.

Dei unge generasjonane si oppgåve er å finna ein veg ut frå ekstremistiske tankar, meiner Ekern.

– I mange europeiske land er det ei tydeleg oppblomstring av nasjonalistiske parti. Det å la elevar og studentar reisa ut kan motverka slike tendensar i Noreg.

– Du seier at diskusjonane om kva Europa skal vera framover er mange og varierte. Kven er skeptikarane?

– Det finst store grupper som er mot ei slik fleirnasjonal løysing som EU er. Det franske partiet Front National, med Marine Le Pen i spissen, vil lukka dei nasjonale grensene, og driv med anti-EU retorikk. Dette ser me også i Ungarn. I andre land, til dømes Hellas, meiner representantar frå ytre venstresida at EU er nyliberalt og øydelegg velferdsstaten. Den tredje gruppa med EU-skeptikarar er populistane, som står for den folkelege kampen mot eliten, altså mot politikarar og EU. Eit døme på dette er den italienske komikaren og no også politikaren Beppe Grillo, som fekk 25 prosent av stemmene ved det italienske valet i år.

Men, trass i skeptikarane – ingen land vurderer å melda seg ut, trur Brussel-journalisten.

– I Hellas og Italia er det nok likevel mange som er for medlemsskap først og fremst fordi dei er redde for at landet synk til botn utan EU si hjelp.

LES OGSÅ: Fleire norske Erasmus-studentar

Genuine europearar
I mai 2014 er det parlamentsval i alle EU sine medlemsland. Europaparlamentet, der dei folkevalde politikarane sit, har no fått meir makt enn tidlegare, og skal blant anna velja den komande EU-presidenten.

– Mange stemmer på dei politikarane som protesterer høgast mot EU-byråkratiet. Paradoksalt nok kan til dømes eit anti-EU- parti som Front National bli det største franske partiet i Europaparlamentet, påpeiker Ekern.

På den positive sida: Den europeiske finanskrisa fører med seg nye løysingar og ei vilje til å gjera ting sjølv, som også nordmenn bør ta del i, meiner han.

– At det er alvorlege tider kan gi folk ein ny type energi. Noreg bør vera med på denne prosessen for vår eigen del, men også for å delta i utviklinga av Europa.

Sjølv om EU-skeptikarane har fleire ulike andlet, finst det også dei som meiner meir og tettare europeisk samarbeid er av det gode.

– Ein kan kalla dei Europa-entusiastane. Ein av dei er Daniel Cohn-Bendit, med fortid som legendarisk studentleiar frå Paris i ’68. Han snakkar ofte om korleis Europa allereie er blitt eitt ved hjelp av at folk frå ulike land blir saman og så får born. Desse blir genuine europearar. Eg er sjølv eksempel på dette, som er gift med ei jente frå Roma, smiler Ekern.

Identitet i spenning
Ein annan som ivrar for Europa er den tyske sosiologen Ulrich Beck, som saman med Cohn-Bendit har skrive eit manifest for Europa, der dei føreslår at alle, frå taxisjåførar til teologar, skal jobba eitt år frivillig i eit anna europeisk land. Eit fint initiativ, synst Ekern.

– No må gode idear koma frå andre stader enn dei europeiske institusjonane. Den frivillige arbeidsutvekslinga er eit døme på bygging av europeisk identitet som ei motvekt til nasjonal tilbaketrekking. Ein kan leva med fleire identitetar. Og kanskje eksisterer nasjonalkulturen best i spenningsforhold med andre kulturar?

Så var det Noreg, då. Som frå 2014 deltek fullt ut i Erasmus+, utan å vera EU-medlem. Diskusjonane her heime går heller på for eller mot EU og EØS, enn å diskutera kva Europa skal utvikla seg til vidare, meiner Ekern.

– EU-diskusjonen står i vegen for diskusjonen om Europa. Me er jo uansett ein del av dette kontinentet, EU eller ikkje.

Saka var først publisert av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). 

Faktaboks

Erasmus+

  • Gjeld frå 2014-2020
  • Talet på personar som får støtte skal doblast fram mot 2020
  • Budsjettet er føreslege auka til 26 milliardar for perioden.
  • Brussel arbeider med det endelege forslaget.
  •