Fleire norske Erasmus-studentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1690 norske studentar nytta seg av stipend og utvekslingsordningar frå Erasmus-programmet i studieåret 2011/2012, viser nye tal frå Europakommisjonen. Dette er ein auke på 10,5 prosent samanlikna med året før.

Over 250 000 europeiske studentar studerte eller hadde praksisopphald gjennom Erasmus-ordninga i studieåret 2011/2012. I same skuleår tok Noreg imot 4135 Erasmus-studentar.

LES OGSÅ: – Ingen fare for norske Erasmus-studentar

Til saman deltek 33 land i Erasmus-programmet, alle medlemslanda i EU i tillegg til Island, Liechtenstein, Noreg, Sveits og Tyrkia. (©NPK)

Les meir om studiar og jobb i utlandet her!