Ein vågal teolog og mannen bak den omfattande Bjørnson-biografien fekk pris for stilsikkert språk.

mm
Faktaboks

Tidlegare vinnarar:

• 2007: Karin Sveen

• 2008: Kjartan Fløgstad (nn) og Anders Johansen (bm)

• 2009: Bokprosjektet «Flerspråklighet i skolen» ved redaktør Rita Hvistendahl og Stephen Walton (nn)

• 2010: Jon Hellesnes (nn)  og Elisabeth Aasen(bm)

• 2011: Agnes Ravatn (nn) og Morten A. Strøksnes (bm)

• 2012: Marta Norheim (nn) og Erik Tunstad (bm)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg skreiv eit par bøker som fekk strålande kritikkar, men selde dårleg. Då sa eg at eg får vel skrive den biografien om Bjørnson, fortel forfattar Edvard Hoem, som aldri har tenkt på seg sjølv som sakprosaforfattar.

LES OGSÅ: «Neger» er ut – kvinner tar mest omsyn

Språkpeis
Det viste seg å vere ei god avgjerd. Ikkje berre fekk han eit forskot på ein million av forleggjaren, som resulterte i ein språkpeis til kona. No kan han ta heim ein språkpris til peishylla, etter ni års arbeid  – med det som byrja som eit sideprosjekt.

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa, og vart delt ut på Språkdagen i Språkåret 2013 av styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad.

Gud og murstein
Juryen rosar båe forfattarane for presist, klart og stilsikkert språk og har funne visse likskapar mellom dei to vinnarane – trass i at dei vart heidra for kvar si målform.

Felles for vinnarane er at dei, kvar på sin måte, handlar i strid med konvensjonell språkleg praksis. Som til dømes: «Slik lyder ikke Herrens ord».

Den eine vil forandre liturgien i den norske kyrkja, den andre skriv ein biografi på nynorsk om ein mann som offentleg erklærte seg som en sterk motstandar av «landsmaalet» og håna det som simpelt. Men i biografien om bautaen vert altså denne fordommen gjort til skamme.

Nynorskbrukar Edvard Hoem fekk prisen for den fire bind store biografien om Bjørnstjerne Bjørnson, som har vorte skildra som ein lettlest murstein. Lett og ledig, men aldri likegyldig, meinte juryen.

Kvinneleg Gud
Teolog og bokmålsbrukar Gyrid Gunnes fekk prisen for boka Stemmer. Å forkynne Guds ord klart og urent. Utkast til en feministisk prekenpraksis (2013), samt for kronikkar publisert i Dagbladet og Morgenbladet.

Ho omtalar Gud konsekvent som kvinne, og utfordrar slik både den norske kyrkja og resten av samfunnet. Med sine tekstar som syner samanhengen mellom språk, likestilling og etikk i kyrkja sine heilage  tekstar, er ho ein verdig vinnar i språk- og stemmerettsåret 2013.

– Det er både ei stor ære og ei stor overrasking å få denne prisen, takkar Gunnes, som vart vald ut blant dei 35 nominerte.

Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Kjell Nupen og 50.000 kroner. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE