Her bryt politiet lova

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var ein ivrig målmann frå Askøy som først klaga på Twitter-kontoen til Hordaland politidistrikt sin operasjonssentral, melder Bergensavisen.

Språkrådet og Kulturdepartementet er einige med klagaren om at vestlandspolitiet ikkje nyttar nynorsk.

LES OGSÅ: Held på sidemål – droppar Mållova

Poltibloggen
Mikrobloggnettstaden Twitter har den seinare tida vorte eit nyttig informasjonsverkty for landets politidistrikt.

Twitter-meldingar frå politiet kjem inn under mållova sin § 8. Der står mellom anna at statlege organ med eit avgrensa dekningsområde skal syte for å gje ut informasjon på fleirtalsmålforma i området det dekkjer. Om området er språknøytralt skal begge målformer nyttast.

«Sidan Hordaland politidistrikt har eit geografisk tenestedistrikt med nynorsk som fleirtalsmål, skulle alle desse meldingane vore skrivne på nynorsk», skriv Kulturdepartementet i eit brev til Språkrådet, som skal følgje saka vidare.

LES OGSÅ: – Leiarar bør mista jobben for brot på mållova

Tre på nynorsk
Ein rapport frå tidlegare i år syner at politiet i Hordaland slett ikkje er åleine om å bryte lova. Over 160 statlege bedrifter bryt mållova. 

Hordaland politidistrikt har over 16.000 følgjarar på Twitter og har sidan nyttår sendt ut over 5.000 meldingar. Bergensavisen har registrert ein nynorskskrivande operasjonsleiar, men elles mest bokmål.

– Me vil retta oss slik at me etterlever gjeldande regelverk, seier politimeister Geir Gudmundsen til BA.

Etter at saka vart publisert i BA i går har politiet i Hordaland lagt ut tre meldingar på nynorsk, medan dei har lagt ut rundt 20 meldingar på bokmål dei to siste dagane.

LES OGSÅ: Reagerer på ulovleg statskvitring