Norsk riks-skitkasting

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dialekt- sjåvenisme

Lat meg forklara: I nyhendesendingar på TV og radio vert nyhenda lesne opp på normert nynorsk eller normert bokmål. Det er for så vidt ei ærleg sak. Eg trur nok frykta for misforståingar ved eventuell dialektbruk er overdriven, jamfør at Ingerid Stenvoll har fått dispensasjon til å snakka Målselv-mål på Dagsrevyen – men eg forstår poenget med det. Det er derimot to ting som berre ikkje er til å skjøna:

Det eine er at ein vaktsjef i ein av dei fremste nyhendesendingane i Noreg, som me difor må gå ut i frå at er eit opplyst og danna menneske, kan få seg til å seia at folk som snakkar med østfoldsk uttale høyrest dumme ut. Ja, no siktar eg til deg, Dagsrevy-vaktsjef Joakim Reigstad.

Grunnen til at dei nedsetjande haldningane til Østfold-dialekt er så utbreidde, er at folk som på ulike vis vert oppfatta som autoritetar, legitimerer og sementerer dialektsjåvinismen med nedsetjande utsegner. Skulda for at dialektane rundt Oslo er i ferd med å forsvinna, ligg ikkje på dei ungdomane som droppar sin lokale dialekt. Skulda ligg på dei som stigmatiserer desse dialektane. Det er diverre i dette lugubre selskapet Reigstad og Dagsrevyen no plasserer seg.

Det andre er at heilt tydelege og uforvekslelege måtar å uttala einskilde bokstavar på, til dømes den såkalla Østfold-l-en, skal vera så innmari problematiske å sleppa til på radio eller TV. I Noreg har me ikkje noko riksdekkjande talemål. Me har to riksdekkjande skriftspråk, men noko munnleg standardspråk finst ikkje. Det finst dei som hevdar at normert bokmål med vestkantuttale fyller denne rolla, men du kan jo ta turen til Stavanger, Stiklestad eller Saltstraumen og sjå kor mange innfødde du finn som er viljuge til å tala slik. Talet vil minna deg om Joakim Reigstads språklege toleranse – altså tilnærma lik null.

Likevel er nyhendesendingane, som sagt, på normert bokmål og normert nynorsk. Det vil seia at dei som les opp nyhenda, held seg til dei orda som står i ordboka, og bøyer dei på same måte som i skrift. Samstundes forsvinn ikkje målmerka deira – vestlendingane les nyhenda med sitt tonefall (høgtone), austlendingane med sitt (lågtone). Dei som har retroflekse lydar i dialekten, seier baɳ og boʈ, dei utan retroflekse lydar seier barn og bort.

Dette er også heilt uproblematisk. Ingen reagerer på at ein bergensar les bokmål annleis enn ein oslobygg gjer det. Ingen lettar på augebrynet over at ein telemarking les nynorsk annleis enn ein sunnmøring.

Men så var det Østfold-l-en, då.Den har dialektsjåvinistane klart å stigmatisera så grundig at det får vaktsjefen i Dagsrevyen til å bryta saman i gapskratt. Sjølv om det ikkje er snakk om meir enn uttalen av ein enkel bokstav.

Så då er utfordringa mi til Joakim Reigstad: Har du ryggrad til å vera konsekvent, og forby skarre-r i Dagsrevyen? Det er jo på mange måtar ein meir utydeleg r. Skarringa, som eg sjølv har i Stavanger-målet mitt, skapar jamvel hovudbry for datateknologane, fordi det er så vanskeleg å få talestyringsprogram til å oppfatta skarre-r-en rett. Ikkje er han særleg utbreidd innanfor Ring 2 heller.

Mitt tips er at Reigstadog dei andre i Dagsrevyen ikkje torer. Skarre-r-en høyrer jo heime så langt unna Oslo at han unngår stigmaet som dialekttrekka frå flataustlandet får.

Nettopp dette viser kor feig dialektsjåvinismen på Marienlyst er: Dei tyner sine lokale veslebrør, men torer ikkje yppa med oss i vest. Det kan me ikkje la dei sleppa unna med.