– Ein sinnsjukt dårleg idé
Regjeringa vil innføre studieavgift for internasjonale studentar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunnskapsdepartementet vurderer å innføre studieavgift for utanlandske studentar. Avgifta skal gjelde borgarar frå land utanfor EØS-området og Sveits, skriv Forskerforum.
Vil gjere som nabolanda
Både Sverige og Danmark har allereie innført slike ordningar.
– Prinsipielt meiner vi at det er forsvarleg når mange av våre naboland har gjort det og når norske studentar må betale studieavgifter i utlandet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til Forskerforum.
LES OGSÅ: Positivt lærarløft – usikker finansiering
Regjeringa vil utgreie ordninga, og tek sikte på innføring ved statlege universitet og høgskular hausten 2015.
– Vi vil ha ei utgreiing for å sjå kva som er konsekvensane av ei slik ordning, og om vi må innføre nokre stipendordningar for dei mest lovande studentane frå utanfor EØS-området, slik at vi kan trekkje til oss gode studentar.
– Vil råke fattige studentar
– Det er ein sinnsjukt dårlig idé, seier medisinprofessor ved Universitetet i Oslo, Johanne Sundby til Forskerforum.
Sundby meiner ei slik utrgreiing er meiningslaus, og at ei studentavgift for utanlandsstudentar er ein nasjonal, proteksjonistisk politikk.
LES OGSÅ: Droppar studiestøtte i 11 månader
– Noreg er eitt av dei siste landa i verda der sjølv fattige studentar kan få utdanning. Veldig mange av våre studentar er frå fattige land, og kjem seg knapt ut av landet for å studere. Dersom dei må betale ei avgift kan dei ikkje studere i Noreg, seier Sundby.
Professoren meiner i tillegg at gratis utdanning har stor betyding for det internasjonale studiemiljøet, fordi det gir unik tilgang på erfaring og kunnskap om verda.
LES OGSÅ: Skandale-regjering!