Droppar studiestøtte i 11 månader

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skadeleg for studiekvaliteten

Solberg-regjeringa droppar forslaget til dei raudgrøne om å auka studiestøtta til 11 månader. Det blei klart etter at tilleggsproposisjonen for statsbudsjettet 2014 blei lagt fram.

– Det er direkte skadeleg for kvaliteten på høgare utdanning at studentar ikkje får studert etter evne fordi dei må bruka tida på deltidsjobben framfor utdanninga. Me veit at under halvparten av inntekta til studentar kjem frå studiestøtta, og dei siste fire åra har både NSO og regjeringspartia vore heilt tydelege på at det må gjerast noko med studentøkonomien, seier Ola Magnussen Rydje, leiar av Norsk Studentorganisasjon.

Dei mobiliserer no studentleiarar frå heile landet for å likevel få fleirtal på Stortinget for studiestøtte i 11 månader. Rydje viser til at både Venstre og KrF har lova dette tidlegare.

345 kroner meir
Regjeringa vil auka den månadlege basisstøtta frå Lånekassa frå 9440 kroner i undervisningsåret 2013-2014 til 9785 kroner i undervisningsåret 2014-15. Basisstøtta blir såleis auka med 3450 kroner for eitt studieår. Regjeringa legg ikkje opp til å innføra utdanningsstønaden til 11 månader.

– Støtta aukar meir enn på noko anna tidspunkt dei siste ti åra. Det er på høg tid at utdanningsstønaden får eit løft, men me meiner støtta bør utbetalast over ti månader, og ikkje i sommarmånaden juni, seier Røe Isaksen.

Meir til ingeniørutdanninga
Regjeringa vil auke den resultatbaserte grunnfinansieringa av universitet og høgskular med 100 millionar kroner. Regjeringa vil òg bruka 50 millionar til nytt og betre utstyr ved ingeniørutdanningane.

– Høgare utdanning er viktig for denne regjeringa, og ingeniørutdanninga har høg prioritet. Styrkinga av utstyr ved desse utdanningane er med å forbetre kvaliteten i opplæringa. Høg kompetanse er avgjerande for å ta del i den internasjonale utviklinga av kunnskap, innovasjon og verdiskapning framover, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) får 100 millionar kroner til oppgradering og rehabilitering av bygg og laboratorium i 2014.

Gå til samlesida vår for statsbudsjettet!