Ein av tre vil samla norskkarakteren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse vil samla norskkarakteren

– Me i målungdommen har støtta undersøkinga, etter at det vart klart at me framleis skal ha avsluttande karakter i sidemål. Me er positive, men må sjølvsagt sjå på resultata i etterkant, seier Karen Mjør, leiar i Sunnhordland Målungdom.

LES OGSÅ: Sta nynorskleiar

Positiv ungdom
Den engasjerte målbrukaren er glad for at Stord vidaregåande, der ho sjølv er elev, støttar opp om forsøket.

Over heile landet er det stor interesse for forsøket med éin eller to norskkarakterar i vidaregåande skule.

156 av 427 vidaregåande skular har meld seg på den andre prøverunden, som startar dette skuleåret.

I dag får elevane karakter i både norsk hovudmål, sidemål og munnleg.

Forsøket går ut på å slå desse saman i anten éin felles norskkarakter, eller éin karakter i norsk skriftleg og éin i norsk munnleg.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

Viktig med tre på Vg3
Skulane har sjølv fått velje kor mange norskkarakterar dei vil ha, men på det avsluttande vitnemålet vil elevane framleis få separate karakterar i norsk hovudmål, sidemål og munnleg.

– Norskfaget og sidemålsopplæringa treng fornying. Det er mange som tykkjer det er eit slit med sidemål, peikar ho på, og trur meir fleksibilitet kan vere nyttig for faget.

Ho meiner likevel at det er viktig at det framleis er ein sidemålskarakter på Vg3, slik at ein hindrar at fleire gjer taktiske målbyte, fordi dei finn bokmål enklare.

– På ein skule som her vert det eit voldsomt karakterjag, kanskje kan dette få fokuset meir over på læring, vonar Mjør, som tykkjer at interessa for sidemål er vel så viktig som resultata.

LES OGSÅ: Tidlegare språkdirektør: – Bra å ta bort eigen karakter

Karakterjaga lærarar
Det er ikkje berre elevane som opplever eit karakterjag i den vidaregåande skulen.

Arild Ingvaldsen, som er fagansvarleg i norsk ved Stord vidaregåande skule, opplever dagens vurderingssystem med tre norskkarakterar som svært omfattande.

– Det vert mest vurdering for dokumentasjonen sin del, meiner Ingvaldsen, som er positiv til å sjå på strukturendringar i norskfaget.

Ingvaldsen fortel at under eit møte med representantar frå dei andre vidaregåande skulane i Hordaland, var det berre to skular som meinte at dagens system med tre karakterar i norsk burde vidareførast.

Då spørsmålet om å delta i forsøket kom opp var det lite diskusjon i norskavdelinga på Stord. Det som likevel vart diskutert var om dei skulle prøve med éin eller to karakterar i norsk. Her landa Stord vgs på at dei ville ta forsøket heilt ut med éin felles norskkarakter.

LES OGSÅ: Vil starta med sidemål frå 2. trinn

– Knapt med tid
– Me vonar at dette vil leie til mindre stress både for elevar og lærarar, slik at ein kan gå meir i djupna og arbeide meir prosessorientert, fortel norsklærar Rolf Bjørkelund, som skal undervise elevane som deltek i forsøket på Stord.

Han presiserer at ingen delar av norskfaget skal kuttast ut. Begge målformer vil verte ivaretekne og norsklæraren vonar ordninga vil betra sidemålet si stilling.

– Me synest norskfaget er viktig, men det er litt vel omfattande. Med dei kompetansemåla me har vert det nesten eit livsprosjekt. Det vert eit jag etter vurderingsgrunnlag, fortel Bjørkelund, noko kollegaen bekreftar.

– I norskfaget har me knapt med tid til å vurdere elevane, og det vert difor lite rom for å prøva og feila, meiner Ingvaldsen, som vonar at forsøket vil resultere i at elevane vert betre i norsk, og hevar snittet sitt når dei skal ha tre karakterar på det endelege vitnemålet.

Òg rektor ved Volda vidaregåande skule, Trond Hjelseth, meiner at det er på høg tid at ein ser på nye løysingar i norskfaget. Han fortel at lektorar i norsk kvir seg for å fylle opp heile stillinga si med norskfaget, på grunn av det omfattande vurderingsarbeidet.

– Me ser at norskfaget vert opplevd som eit krevjande fag, fordi det er ei stor belastning med omfanget av retting, vurdering og karaktersetting, fortel Hjelseth.

Nynorskoppslutning
Leiaren i Sunnhordland Målungdom er glad for den store oppslutninga om forsøket, som ho meiner vil gje ei stor breidde i resultata. Ho tykkjer òg at det er bra at Stord vidaregåande skule, som ligg i verdas største nynorskby, vil vere med.

Første prøverunde med ein samla norskkarakter starta allereie skuleåret 2009/2010 på Fana gymnas i Bergen. Seinare har elleve skuleklassar frå Akershus, Austfold, Oslo, Bergen i Hordaland og Troms delteke.

Denne gongen har fleire skular frå nynorskfylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Telemark meldt seg på.

Sjå lista over alle vidaregåande skular som er med i forsøket her.

Ungdomsskulen med
Forskingsrapporten “Frå karakterjag til læring – frå dommer til trener” evaluerer forsøket på Fana gymnas i Bergen og Kongsbakken vidaregåande skule i Tromsø.

Forskarane fann ikkje teikn på at elevane fekk betre norskkarakter når dei berre hadde éin karakter, men tilbakemeldingane var likevel positive. Begge desse skulane har vald å vidareføra forsøket.

– Me hadde gode erfaringar med prosjektet. Det vart frigjeve meir tid til undervisning når ein hadde mindre fokus på karakterar, fortel rektor ved Fana gymnas, Leif Sigurd Danielsen.

Fem av skulane som deltok i førre runde var frå Akershus. Òg i denne runda er oppslutninga frå austlandsfylket stor. Heile 21 av 34 vidaregåande skular i Akershus skal vere med på prøverunde nummer to.

I tillegg til at alle vidaregåande skular som har vore interesserte no har fått høve til å delta, skal 50 ungdomsskular få teste ordninga frå skuleåret 2014/2015.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Motstand frå mållaget
Noregs Mållag har vore skeptiske til éin felles norskkarakter, og har frykta at det vil svekkja sidemålet, som for mange elevar er nynorsk.

Fleire av lærarane som etter førre prøverunde er intervjua om ordninga, meiner derimot at sidemålet ikkje er vorte svekt utan eigen karakter dei første åra på vidaregåande. Faktisk meinte dei at nynorsken fekk ein meir sentral plass fordi dei ikkje måtte skilje ut nynorskarbeidet med ein eigen karakter.

Ein lærar ved Kongsbakken vidaregåande skule fortel i evalueringsrapporten at elevane i ein periode kunne fokusere berre på nynorsk, fordi det ikkje var bruk for å tenkje på vurdering av hovudmål og munnleg samstundes.

Målungdommen Karen Mjør er ikkje mellom dei som får prøve den nye ordninga, sidan ho no går siste året på vidaregåande, men ho hadde sjølv tykt det hadde vore spanande å prøve tre norskkarakterar i éin.

Faktaboks

I dag får elevane karakter både i norsk hovudmål, sidemål og munnleg. Forsøket i vidaregåande skule går ut på å slå desse saman i anten éin norskkarakter, eller éin karakter i norsk skriftleg og éin i munnleg.

Elevane vil få færre karakterar i norsk i Vg1 og Vg2, men får tre norskkarakterar på det avsluttande vitnemålet etter Vg3.

Her er nokre av skulane som er med i forsøket:

Hordaland:

Stord vgs.
Bømlo vgs.
Sotra vgs.
Os Gymnas
Øystese Gymnas

Sogn og Fjordane:

Firda vgs.
Flora vgs.
Eid vgs.
Årdal vgs.
Høyanger vgs.

Møre og Romsdal:

Volda vgs.
Sykkylven vgs.
Ulstein vgs.

Sjå fullstendig liste her!