Fleire enn åtte av ti nordmenn er stadig for å yte u-hjelp til Asia, Afrika og Latin-Amerika.

mm

Aldri før har fleire vore for å redusere eller fjerne u-hjelpa heilt. Det går fram av ei spørjeundersøking som Statistisk sentralbyrå har gjort om folks haldningar til norsk utviklingshjelp.

Mens eit fleirtal stadig synest bistandsbudsjettet er passe stort eller gjerne kunne ha vore større, ser no om lag fire av ti at vi reduserte eller fjerna u-hjelpa heilt. Det er Framstegsparti-veljarane som er mest negative til bistand, mens dei som stemte på partia på venstresida, er mest positive. Alle dei spurte SV-veljarane støttar bistand, medan litt over halvparten av Frp-veljarane er for dette.

LES OGSÅ:Problematiske at vi ikkje slepp til afrikanske bønder

Elles er yngre personar og personar som har høgare utdanning, mest positive til bistand og storleiken på bistandsbudsjettet.

Av undersøkinga går det elles fram at fleire enn før trur den norske bistanden gir ganske dårlege eller svært dårlege resultat. Under halvparten av dei spurde trur no utviklingshjelpa gir gode resultat, mens sju av ti meinte det same i 2010 og 2006.

LES OGSÅ: Fleire born overlever: – Viser at bistand verkar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

ANNONSE