Slik vil nettet revolusjonera utdanninga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Revolusjonerer utdanninga

Dei amerikanske prestisjeuniversiteta MIT, Harvard og Berkeley står bak EdX, og skal bruka 30 milliardar kroner dei neste åra på å utvikla dette. Dei siste åra har dei hatt fleire studentar her enn på campus heile perioden på sine Massive Online Open Courses (MOOC).

– Eg synest det er veldig spennande, fordi det gjev oss høve til å læra av dei beste i heile verda og gjera det ganske fort, sa professor ved NTNU, Arne Krokan, i eit føredrag på TEDx-konferansen i Oslo sist torsdag.

Tidlegare i haust starta han Noregs første MOOC i teknologiendring og samfunnutvikling. Pilotkurset laga han utan å spørja om lov.

– Eg har lært ein ting gjennom fleire år i høgare utdanning. Du må aldri søka om tillating til dei nye tinga du vil gjera før du skal gjera det. Difor fekk eg universitetsavisa til å skriva at det skulle opna ved påsketider. Då var det ingen som spurte om me skulle gjera det, men berre korleis me skulle gjera det, sa han til forlysting for salen.

Britiske læreinstitusjonar starta Futurelearn tidlegare i haust for å ta opp MOOC-konkurransen med EdX. 

LES OGSÅ: Får karakterar i dataspel

Millionar av studentar
– Revolusjonen skjer ikkje når ein får nokre få kurs ut på nett. Men det kan kanskje skje når heile mastergrader kjem på nett, seier Krokan.

Han viser til at MOOC-tenesta Coursera i dag har over fem millionar medlemmar og 534 kurs.

– Eg skulle ikkje forundra meg at om nokre år, så kallar dei seg eit universitet.

Kan MOOCane utfordra universiteta på nokon måte?

– Truleg kan det bety slutten på ein del bachelorgrader, fordi ein kan ta dei betre på nett, sa Krokan på TEDxOslo.

LES OGSÅ: Lær språk – og omsett internett

U-hjelp i skya
Arne Krokan peika også på at nettet kan opna for undervisingstilbodet med høg kvalitet for millionar av elevar og studentar i utviklingsland:

– I år har den tidlegare kunnskapsministeren sett 600 nye lærarar inn i skulen. Me veit at dette vil ha liten effekt på læringsutbytet. Men det kostar mellom ein og to milliardar kroner. Ein er villig til å bruka pengar, men i dette tilfellet pengar på feil ting. Tenk om me tok ein milliard og så lagde me ein skule i skya? Og så tilbaud me den skulen i skya til nettverket av land som Noreg har gjeve utviklingshjelp dei siste åra.

LES OGSÅ: Den digitale opplysningstida

Bruker nettet minst
22 prosent av bruttonasjonalproduktet i Noreg er knytt til utdanningssektoren.

– Det betyr at nesten ein fjerdedel av pengane me tener her i landet har noko med læring å gjera.

– Norsk skule har mest teknologi i heile Europa, men den som bruker det minst. I den norske skulen sit elevane 60 prosent av tida og jobbar aleine og mykje av tida som er igjen bruker ein til førelesinga, som er det rette namnet på kateterundervisinga. Og resultata er ikkje til å skryta av. 15 prosent av dei som går ut av grunnskulen blir rekna som funksjonelle analfabetar. 30 prosent av dei som byrjar på vidaregåande kjem ikkje ut av han i løpet av dei første fem åra, påpeika NTNU-professoren.

– Me finna ein måte å takla utfordringane. Politikarane seier me må ha fleire lærarar. Me må altså ha meir av det som ikkje verkar for at me skal få betre kvalitet i skulen. Og er det ein ting forskarane er samde om at ikkje verkar, så er det auka lærartettleik.

Arne Krokan trur ny teknologi kan hjelpa norsk skule i rett retning. Digitale tenester kan vera ein slik teknologi.

LES OGSÅ: Laga app mot eksamensangst

Digitale læringstenester
Mentormob
er eit døme på ei digital læringsteneste. Her kan ein møta andre som er opptatt av å læra det same som deg, og ein kan laga læringsspelelister.

– Kva er den beste måten å læra språk på? Er ikkje det å snakka det språket med dei menneska som faktisk har dette språket som sitt morsmål? Livemocha er ei slik teneste. Her kan du snakka norsk med dei som vil læra norsk, og slik tena poeng som du kan bruka til å læra andre språk.

– Viss du skal læra matte, så er det første ein tar utgangspunkt i det ein faktisk kan. Knewton testar kva du kan i eit emne, og så finn det læringsobjekt som passar til akkurat ditt kunnskapsnivå. Knewton bruker erfaringane frå andre som har vore i same situasjon til å skreddarsy nytt innhald.

Udacity tilbyr opne og tilgjengelege kurs.

Memrise seier at her kan du læra alt. Her bruker dei ein så og hauste-metafor. Først må ein putta frøet ned i potta. Så ser du tidslinja under potta.

Cerego er ei anna teneste som Arne Krokan har testa ut. Her tok han seg eit kurs i vinspråk.

LES OGSÅ: Gaming i timen

Læring gjennom spel
– Viss ein kan kalla noko for spel så aukar interessa dramatisk. For spel er verkeleg digitale endorfinsprøyter. Det finst fleire selskap som spesialiserer seg på å gi oss positiv feedback. UBoost har spesialisert seg på dette innanfor utdanning og helse.

Men det skjer òg ei opning direkte gjennom spelverda.

– Sim City er ein glimrande læringsplattform. Han som laga Sim City har no opna byen for at lærarar over heile verda kan leggja inn det som elevane deira skal læra, og så kan dei spela seg til det, og lærarane kan gi tilbakemeldingar til dei, fortalde Arne Krokan i TEDx-føredraget sitt.