Meir enn 41.000 studentar får redusert stipendet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jobbar for mykje

I alt 41.700 studentar får gjort om heile eller delar av stipendet frå Lånekassa fordi dei hadde for høg inntekt, formue eller trygd i fjor. Auken er på meir enn 5 prosent sett opp imot året før.

I 2012 kunne studentar ha ei inntekt på 145.400 kroner utan at stipendet vart redusert. Fribeløpet for formue i 2012 var 287.643 kroner for våren og 330.789 for hausten.

25.100 får redusert stipend på grunn av inntekt over fribeløpet, medan 7.500 får det på grunn av for høg formue, opplyser Lånekassa. 7.000 blir berørt på grunn av trygdeytingar over fribeløpet, medan 2.200 studentar får redusert forsørgjarstipend fordi ektefellen eller sambuaren har hatt inntekt over fribeløpet.

Talet er ein auke på 2.100, eller 5,3 prosent, sett opp imot i 2011.

Til saman fekk 267.500 studentar støtte frå Lånekassa i 2012. (©NPK)

LES OGSÅ: Vurderer å kutte bortebuarstipend