Ingerid Ohren (23) var tømrar og forelska seg i treskjering på eit kurs. No har ho eige firma og vil ta med seg handverket heim.

mm
Faktaboks

Handverksskolen på Hjerleid i Dovre

• Privatskule eigd av Norsk kulturarv og Studieforbundet Kultur og Tradisjon
• Einaste skule i landet som tilbyr utdanning i treskjerarline (VG2 Design og trearbeid) og smedline (VG2 Smed).
• Har plass til 15 elevar på kvar av linene.
• Er knytt til Senter for bygdekultur, der dei har oppretta lærlingstillingar for treskjerarar.

LES FAKTALUKK FAKTA

–Tre har vore litt av moten, men no ser ein at det kjem inn att, seier treskjerarlærling Ingerid Ohren – frå Gran på Hadeland.

LES OGSÅ:Gullsmed med sølvstreng
Furuljos

Tradisjonshandverkaren arbeider med eit bestillingsverk på ei ljosekrone i furu. Det er det første oppdraget ho tek ansvar for heilt sjølv, frå kundekontakt, design, prisberekning og sjølvsagt utforming. Ho reknar 70 timars arbeid til ein pris på 17.000 pluss moms.

23-åringen er lærling ved Senter for bygdekultur på Dovre, som har fire lærlingar i det verneverdige faget. Å få nok bestillingar og å selje seg sjølv er dei største utfordringane i det vesle yrket.

– Så vidt eg veit er det ingen andre som driv med treskjering der eg kjem frå, så ein må lære folk kva det er, fortel Ohren.

Odelsjenta planlegg å flytte heimatt. Draumen er å lage eigen verkstad på ein låve. Ho har allereie starta så smått med litt kursverksemd sjølv.

På kursa er overvekt av pensjonistar og folk over femti. Ingerid Ohren ynskjer seg fleire ungdommar inn i yrket slik at det ikkje dør ut.

– Pensjonistane er flinke dei, men dei kjem ikkje inn i arbeidslivet. Det er eit aldrande yrke, som ikkje er så interessant for unge personar, vedgår ho.

LES OGSÅ:Kjærleik ved fyrste blikk

Frå offentleg til privat

Handverksskulen på Hjerleid er i dag den einaste staden i landet som tilbyr utdanning i treskjering, eller VG2 design og trearbeid som det heiter. Lina vart lagd ned av fylkeskommunen i 2003 – same år som ei tilsvarande utdanning på Voss forsvann – men Hjerleid vart driven vidare med privatskulemidlar og skulepengar frå elevane.

Søkjartala er noko varierande frå år til år. Årets kull har berre seks elevar, noko som er i minste laget.

LES OGSÅ: – Artigare enn å strikke

Ingerids tre

For eit halvt år sida starta treskjerarlærlingen si eiga bedrift – I Tre. No vil ho satse for fullt på det verneverdige yrket. Men sjølv om planane og ambisjonane er på plass er ho klar over at det er ein smal karriereveg. Mykje handlar om å verte sett.

– Det er ikkje alltid så kjekt å seie at eg er flink til dette, men det må ein jo, skal ein få oppdrag.

Av dei som tek design og trearbeid på Hjerleid er det langt ifrå alle som tek læretida og satsar på treskjering som levebrød.

Amerikanske Aiden Niepole (16) er mellom dei som lærer treskjering for gøy, medan han eigentleg har ambisjonar innan amerikansk politikk.

– I USA er ikkje treskjering eit yrke ein kan satse på for å tene pengar, mykje fordi ein ikkje har dei same sosiale strukturane som her, seier amerikanaren, som er langt ifrå den einaste utanfrå som har kome til skulen.

Både tyskarar, australiarar og brasilianarar har funne vegen til Dovre for å lære tradisjonelt norsk handverk.

– Eg er veldig glad i å jobbe med tre, så det kan freiste å drive meir med det. Samstundes er det ikkje flust i yrkesmoglegheiter, seier Jon Anders Føistad frå Ås. 19-åringen tek treskjering som eit friår etter vidaregåande.

LES OGSÅ:Jublar for auka stipend til yrkeselevar

Utdanning til arbeidsløyse?

Rektor Helle Hundevadt freistar å realitetsorientere elevane sine med tanke på framtidige arbeidsmoglegheiter. Dei som lærar treskjering utan tanke på å gjere karriere er like velkomne på skulen som dei som vil satse.

– Eit argument kan vere at me utdannar folk til arbeidsløyse, men det uansett ikkje ein unyttig kunnskap å ha med seg, meiner rektoren.

Even Hansen lærte sjølv treskjering på Hjerleid i 2005 og arbeider no delvis som lærar, innleigd frå Senter for bygdekultur, der han arbeider med lærlingane.

Han meiner at for å greie å livnære seg på det vesle handverket må ein kunne forandre seg.

– Alt anna har gått framover, medan treskjeringa har stått stille, peikar han på, utan at han har noko svar på kva som kan gjerast.

Skulen rår elevane å ha fleire trebein å stå på. Even Hansen har sveinebrev som møbelsnikkar i tillegg til treskjering, ein kombinasjon han meiner er nyttig.

LES OGSÅ: Kulturarv som valfag frå hausten

Heve handverksstatusen

Sjølv om Ingerid Ohren sin kombinasjon som tømrar og treskjerar har ulike arbeidsmetodar, er det likevel same material. Ho har òg noko å drive med dersom det er bestillingstørke.

Lysekrona er det første arbeidet hennar der straum skal integrerast, ei lita ekstrautfordring ho tek på strak arm – med litt støtte frå ein elektrikar. Kunden – som vil ha lampa klar til jul – får heile tida jamn oppfølging.

– Han er så spent og lurer på korleis det går, så eg sender han bilete undervegs.

Det er mykje arbeid, men Ohren har likevel inntrykk av at handverk ikkje er like verdsett som akademiske yrke i dagens samfunn. At det vert litt sett ned på. Her får ho støtte av rektor Helle Hundevadt.

– Dei største utfordringane for oss er rekruttering og finansiering, men òg å løfte statusen til handverksfaga, meiner Hundevadt.


Treskjeraren held fram ein av armane til lysekrona. Ho er todelt, slik at det er plass til ein leidning inni.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE