Arbeider for å få unge ut i arbeid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde aldri trudd at behovet var så stort, seier Terje Mjåtveit som frå vinteren 2013 har vore fast tilsett som tiltakskonsulent i Hå kommune. Frå hausten 2011 var dette ei prosjektstilling.

– I ein periode på to-tre månader i starten kom mykje folk for å få hjelp. Men det vart ein liten pause før alt vart skikkeleg etablert. Før det hadde eg hatt kontakt med Helge Torgersen i Oppfølgingstenesten og Ragnar Helvik i Hå opplæringssenter. Samarbeidet med begge har vore både nyttig og viktig.

– Målgruppa for arbeidet har heile tida vore dei som droppar ut av vidaregåande skule og andre som ikkje finn seg til rette.

Mange tek kontakt
– Av dei knappe 90 eg har kontakt med, er åtte tilbake på skule, 27 har arbeid i ulike bedrifter – 14 av dei er i fast arbeid. 40 er i praksis via Nav. Mange av dei har stor sjanse for å få fast tilsetjing. Så er det rundt 11 som vi ikkje har funne noko tilbod til. Men eg gir ikkje opp.

Når ikkje Mjåtveit er ute for å følgje opp ungdom, er han på eit kontor knytta til Frivilligsentralen på Nærbø.

– Det er ein god plass å ha kontor. Her kan ungdom kome til meg, og mange kjem, utan at andre treng å sjå kva ærend dei er ute i. Å ha ein plass som er litt skjerma betyr mykje for dei som treng hjelp, seier Mjåtveit.

Politisk vilje
– Prosjektet starta for vel to år sidan. Og det hadde aldri kome i gong utan så stor politisk semje, seier Mjåtveit som rosar Oddmund Gravdal som leiar i utval for helse og sosial. – Han har gjort ein kjempejobb for å få dette til.

Gravdal fortel at det har vore brei politisk vilje til å få gang på dette.

– Eg har fått gode tilbakemeldingar frå Terje Mjåtveit, noko som betyr mykje. Frå København har eg sett liknande opplegg som her. Der fungerer det godt.

Så langt har ikkje prosjektet vore inne som eigen post i budsjettet får Hå kommune. Men Gravdal satsar på at det skal innarbeidast i budsjettet for 2014.

– Eg har vondt for å tru at det vert noko politisk usemje om dette arbeidet, understrekar Gravdal.

Samarbeid
Ungdommar mellom 16 og 21 år har rett til vidaregåande opplæring. På det feltet har Mjåtveit og Torgersen eit nært samarbeid.

– Målet vårt er å få dei med skulerett tilbake i skulen så fort som mogeleg, seier Mjåtveit som har eit nært samarbeid med Nav for dei som er eldre enn 21 år. – Vi ber dei som kjem om å setje opp tre val. Oftast kan dei tenkje seg arbeid i ei bedrift. Vi har kontakt med ei rekkje bedrifter, og mi erfaring at leiinga ved bedriftene er svært positive.

Terje Mjåtveit seier at han aldri har fått eit blankt nei frå nokon bedrift, men det har sjølvsagt ikkje lagt seg til rette for alle.

– Vi har eitt ufråvikeleg krav til dei som skal i bedrift. Det er å møte på tida. Gjer dei ikkje det, tek bedrifta kontakt med meg, og eg følgjer opp den enkelte. Tek ikkje vedkommande telefonen når eg ringer, reiser eg ofte heim til dei og får ein prat.

Les saka i Jærbladet!