Ein som ikkje har fullført vidaregåande skule har 21 prosent høgare risiko for å bli varig arbeidsufør, viser ein ny studie frå NTNU.

NPK-NTB
NPK-NTB

Forskarar har undersøkt skulefråfall og trygdeyting blant over 6.000 skuleungdommar. Ungdommane, som deltok i HUNT-studien (Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag) i 1995, vart kartlagde for om dei hadde fullført vidaregåande skule då dei fylte 24 år.

Forskarane kopla så denne informasjonen til om dei hadde fått trygdeyting i over seks månader, i form av rehabilitering, sjukmelding, attføring eller uførepensjon, skriv Dagens Medisin.

– Vi visste frå før at personar som ikkje har fullført vidaregåande skule, har høgare risiko for å vere ute av arbeid på grunn av sjukdom, samanlikna med dei som har fullført. Vi ville sjekke om denne sterke samanhengen kunne forklarast med andre kjente risikofaktorar, seier Karin de Ridder, spesialist i samfunnsmedisin og doktorgradsstipendiat ved NTNU.

LES OGSÅ: – Norsk ungdom har det sjukt bra

De Ridder og kollegaene tok høgde for kjente risikofaktorar som foreldre med låg utdanning, helseplager i ungdomstida, røyking, overvekt, einsemd, låg sjølvtillit og skulevanskar.

– Ein som ikkje har fullført vidaregåande skule har 21 prosent større risiko for å vere ute av arbeid på grunn av sjukdom, samanlikna med ein som har fullført vidaregåande skule, seier Ridder.

Studien er nyleg publisert i BMC Public Health.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47
ANNONSE