Så mange fleire tar toget at det bekymrar NSB-sjefen.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Eg er bekymra for at vi nesten har gjort det for godt. Det blir veldig trongt på toga, seier konsernsjef i NSB Geir Isaksen.

I årets første månader frakta NSB 40 millionar passasjerar. Det er ein auke på 8,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Ingen i NSB kan hugse ein tilsvarande auke i passasjertalet, seier konsernsjefen.

LES OGSÅ: Framtidas framkomstmiddel?

Han meiner forklaringa på den kraftige auken er omlegginga av ruteplanen NSB gjorde før jul i fjor, i tillegg til at det er sett inn nye tog som gir meir kapasitet.

Veksten har vore særleg stor i Oslo-området. Lokaltoga her har hatt ein auke i passasjertalet på 9,2 prosent dei første åtte månadene i år.

NSB har bestilt 66 nye tog. 42 av dei er leverte. No er ytterlegare fire bestilt, opplyser konsernsjefen. Men det hjelper ikkje berre med nye tog.

LES OGSÅ: Kina vil byggja ut lyntog i Norden

– Vi må ha lange nok perrongar, vi må ha stader å snu og parkere, og toga må få nok straum, seier Isaksen.

Medan fleire tar toget, er det også fleire som må vente lenger på forseinka tog. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

ANNONSE