Livet herlegare enn nokon gong

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Her kjenner eg meg normalisert. I Vang er eg ein av innbyggjarane, ikkje berre ein av dei funksjonshemma, seier Lerhol, mellom anna kjent frå filmen Livet er herlig.

Han legg til at familie, fantastisk natur og eit oppegåande ungdomsmiljø  var andre gode grunnar til å flytte heim.

27 år gamle Lerhol har ein medfødd muskelsvinnsjukdom og veg i dag berre 17 kilo. Men CVen ser ikkje annleis ut enn hjå dei fleste andre. Etter fullført vidaregåande tok han ein bachelorgrad i samtidshistorie ved Høgskulen i Lillehammer,  eit år med PPU på Hamar, eit friår, og deretter master i historie ved NTNU i Trondheim.  Alt utdanning er gjennomført på normert tid, bortsett frå eit halvt år som vart ofra på Senterungdomen sin kalender, Pluss Bygda, der Lerhol var produsent og leia arbeidet.

LES OGSÅ: Oljeministeren deltek i sexy kalender

Natt og dag for partiet
Den heimkomne vangsgjeldingen har allereie fått stor tillit. I juni i år vart han styreleiar i det lokale tilflyttingsprosjektet Innovangsjon. Det trivst han svært bra med.  

– Dei formelle oppgåvene er personalansvar og å leie styrearbeidet. Men på grunn av sjukefråvere har eg gjort litt av kvart. Eg har fungert som dagleg leiar, svart på e-postar, betalt rekningar, hatt møte med kommunen og tilsett nye folk, fortel han.

Lerhol er også tilsett ved ungdomsskulen som lærarvikar, men har så langt ikkje hatt tid til dette. Mellom anna på grunn av valkamp. Lerhol sit i sentralstyret i Senterungdomen og var samstundes valkampleiar for Oppland Senterungdom. Han fortel at arbeidsdagane kunne koma opp i femten timar. 

– Eg ligg jo her på stolen, så eg kviler undervegs,  forsikrar han eventuelle uroa sjeler.

Ved sidan av alt dette kjem føredragsverksemda. Lerhol reiser dit han får oppdrag, og nyleg var han i Stjørdal og prata for ei rekneskapsbedrift om inkluderande arbeidsliv.  

– Bodskapen er at både arbeidsgjevar og arbeidstakar må ta initiativ, og tørre å satse på kvarandre. Det er ein gjensidig prosess som handlar om tillit. Om nokon blir sjukmeldt, gjeld det å sjå nye løysingar for å få personen i arbeid att. Utstyr som kan betre ryggplager, til dømes.  I det lange løpet vil det løne seg meir enn sjukmeldinga, hevdar Lerhol. 

Matutval på minussida
Dei siste åra har Lerhol budd i Trondheim og likt seg godt der. På spørsmål om kva som er annleis ved Vang enn Trondheim, kjem svaret spontant:  

– Alt! Natur og klima, sosiale relasjonar, infrastruktur. Den største positive  skilnaden ved Vang er fellesskapen.  I Trondheim hadde eg tilhøyrsle til venegjengen i Senterungdomen og på studiet, men det var det. Her kjenner eg ein fellesskap med heile kommunen, seier han.

Men Lerhol legg til at ikkje alt er supert med Vang heller. Det han er mest misnøgd med, er utvalet av mat i butikkane. Han omtalar seg  som ein gourmet, og seier han bruker veldig mykje pengar på mat. Sjølv om han ikkje er så stor.

– Eg vil gå ut ifrå at eg et om lag like mykje som ein fireåring, men eg likar godt å invitere familie og vener på mat også, forklarar han.

Det at du er funksjonshemma, var det eit argument for eller mot å velja Vang?
– Det var eigentleg irrelevant. Eg visste at finansielt støtta kommunen meg. Eg var veldig nervøs for om eg kom til å få nok assistentar, for det er ikkje mykje arbeidsløyse i Vang. Samstundes var det lett å få ein anstendig bustad. I Oslo ville det vore svært dyrt. Eg måtte hatt minimum 80 kvadratmeter. Men igjen har byane større tilgang på assistentar. Det var plussar og minusar uansett, så eg lot ikkje funksjonshemminga avgjera valet.

(saka held fram under bildet)

TORSTEIN OG INGRID: – Torstein er den minst funksjonshemma personen eg har møtt. Eg hadde aldri jobba som assistent før, men kasta meg ut i det fordi eg hadde høyrt Torstein var ein kul fyr, seier ein av assistentane hans, Ingrid Wigdel.

– Til siste hjul
Som Senterparti-politikar har Lerhol ei avmålt begeistring for den nye regjeringa som snart er på plass.

– Eg er veldig spent, det må eg seia. Av natur er eg optimist, men eg ser at denne regjeringa kjem til å setja optimismen min på prøve, vedgår mannen som har hatt ei rekkje utspel både på distriktspolitikk, rettar for funksjonshemma og sosiale spørsmål.  

Lerhol fortel at han særleg fryktar kommunesamanslåing, og meiner Vang har gode utsikter til å greie seg åleine.  Han peikar på eit velfungerande tenestetilbod, ein sunn økonomi, og etter at Innovangsjon kom i sving, også ein positiv trend med tilflytting. Utfordringane med å skaffe kompetent arbeidskraft meiner han fint kan løysast gjennom interkommunalt samarbeid.

– Eg kjem til å slåst til siste hjul for at vi skal vera sjølvstendige, understrekar lokalpatrioten. 

LES OGSÅ: – Søva kan ein gjera heime

Uendelege mulegheiter
Lerhol sparer ikkje på lovorda om heimbygda, trass i lang avstand til store byar og dei ressursane som finst der.

– I Vang er mulegheitene uendelege. Er du naturmenneske, er det ikkje noko spørsmål, da er det berre å flytte hit med ein gong. Og vi jobbar intenst med å skape ein fellesskap, ikkje berre sosialt, men også næringsretta. Vi meiner det er bra med bedrifter som pratar saman om ulike ting, og har til dømes etablert eit veldig fint kontofellesskap i Vang sentrum, påpeikar han.

Torstein Lerhol har så avgjort spennande ting å fylle dagane med. Hadde kanskje ikkje livet vore så mykje annleis utan funksjonshemminga?

– Livet hadde absolutt vore annleis, men ikkje nødvendigvis betre. Med same personlegdom ville eg vore yrkesmilitær i dag. Men slik det er no får eg også brukt evene mine til noko eg er interessert i og brenn for.

Så livet er framleis herleg?

– Livet er enda herlegare. 

UTSIKT: Torstein Lerhol hevdar han og kollegaene på kontorfellesskap 1724 i Vang sentrum har Noregs beste utsikt.