– Søva kan ein gjere heime!

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre for ordens skuld var underteikna innom før middag, så det med livet på nattelivet fekk eg aldri med meg. Men «helt om natta – helt om dagen» er eit velkjent omgrep hjå Senterungdommen, brukt av dei sjølve, kommentatorar og journalistar.

– I debattskuleringa vår har vi skapt eit realistisk scenario. Då er det er viktig å kome seg opp om morgonen, seier leiar i Senterungdommen, Sandra Broch.

Har dette samanheng med at de er bønder, og slik er ekstra gode på det?
– Det er eit spørsmål vi får ofte, men det handlar nok mest om at det er viktig å kome i gang med dagen.

Så på den knappe veka Senterungdommen var samla i Arendal, stod både vekking og morgongymnastikk på programmet.

Eg tusla innom i ettermiddagssola, møtte grillinga og gitaren, senterungdommar med firkløver på t-skjortene, solbriller og «Nei til EU-buttons». Og telt og skuleringa utforma som «Debatten».

LES OGSÅ:Ungdomspartia er rekordstore

Livredd
Sandra Borch hugsar godt sin fyrste sumarleir. Den reiste ho på i 2007, etter berre eit par dagar som medlem. Der vart skuleringa med grillinga i partiprogrammet vel hard.

– Eg vart livredd, og reiste heimatt på laurdagen. Men no har skuleringa vorte meir nivådelt, og vi køyrer nye og vidarekomne litt kvar for seg.

Og det vart fleire sumarleirar på leiaren. Noko av det ho set høgast er stemninga, menneska og det å møte nye medlemmer. Ho likar også ordninga mange ungdomsparti valde i år, med sumarleirar i tilknyting til Arendalsuka. Noko som gjev høve til å treffast andre stader enn på debattane – til slik som samtalar i solveggen.

– Sumarleir er å sitte oppe, synge og spele gitar heile natta. Som leiar vert det meir springing, og ikkje heilt den same stemninga.

– Men det er kjempeartig altså, legg ho til. Før ho spring vidare til debattførebuingar.

LES OGSÅ:– Den viktigaste debatten vi ikkje har

Anna Oline Osvoll, Petter Smågård, Håvard Lindgaard, Emilie Enger og Remi André Jøsang latar som dei er Høgre.

Lærar fienden å kjenne
Som andre ungdomsparti, førebur Senterungdommen skuledebattsesongen. Mellom anne med å køyre debattar der dei spelar dei andre partia.

– Det er jo veldig morosamt. Vi får høve til å vera useriøse utan at det går på kostnad av oss sjølve, seier ”Høgre”-gjengen. Dei meiner ein vert smartare av å setje seg inn i andres politikk, og at ein får testa eigne argument.

Er Høgre sjølve erkefienden?
– Dei er dei mest trugande, og det er dei vi bør stele stemme frå. Men det er nok Framstegspartiet som står lengst frå oss politisk.

Sjølv om dei trenger inn i andre parti, vert dei ikkje usikre på eige val, heller tvert om, når dei går inn i detaljane.

– For meg vart det kanskje Senterpartiet fordi eg har stor familie som spreidd over heile landet. Partiet er dei beste for kvar og ein, og for samfunnet som heile. Før var eg faktisk for ulv, men etter å ha høyrt argumentasjonen har eg endra synspunkt, forklarar Emilie Enger frå Hedmark.

– Det må vera kort veg mellom stat og stat innbyggjar, så for meg er det viktigaste lokaldemokrati og folkestyre, seier Petter Smågård frå Stjørdal.

På bygda tek ein meir av
Senterungdommane skildrar leirlivet som lærarrikt og fint, sosialt og fornuftig på same tid.

– Ein lærer mykje, men det er ikkje som støvete klasserom.

Sjølv om senterungdommane meiner møta er morosame, er dei opptekne av livet utanom.

Er de også heltar både natt og dag?
– Søve kan vi gjere heime, seier Remi André Jøsang frå Rogaland.

– Vi dansar ordentleg, gjerne swing. Så er vi jo vande med festar frå bygda, og dei tek jo gjerne meir av, legg Håvard Lindgaard frå Vestre Toten til.

Og gitaren – den var plukka opp av Erlend Myrhaug, som fekk spelt litt under leiren, og meiner den er berre stas.

PARTITESTEN:Finn partiet du bør stemme på!

Vener på vitjing
Det var heller ikkje berre senterungdommar som hadde funne vegen til det raude huset på Hove. Etter at Unge Høgre hadde vore i huset i tida før leiren, dekorert det heile med Ja-materiale, som vart rive ned med ein gong, var Ungdom mot EU særs velkomne gjestar.

– Vener kjem jo på vitjing til kvarandre, seier reisesekretær Runa Fjellanger.

Organisasjonen ser på Senterungdommen som nokre av sine næraste allierte, og ynskjer å vise at dei bryr seg. Dei trur det vert lågare terskel for å engasjere seg i båe organisasjonar om ein har eit andlet, og stilte med både brosjyre og buttens.

– Alle senterungdommar burde jo vera medlemmer hjå oss i tillegg, legg leiar Mads Opheim og sentralstyremedlem Bjørn Ola Opsahl til.

KOMMENTAR:Det handlar om så mykje meir

«Debatten»
Før sola gjekk ned bak teltdukane, fekk eg med meg eit resultat av skuleringa: «Debatten». Der senterungdommane tvang seg sjølv til å forsvare EU-medlemskap, tale om «Olje-Ola» og karakterisere norske vegar som like dårlege som «krøtterstigar i Albania». Berre Marit Knutsdatter Strand fekk tale Senterungdommens sak – lokalt sjølvstyre og partiets utdanningspolitikk.

Som venta vart det latter frå ”salen” på grassletta, og attendemeldingar frå stortingsrepresentant Erling Sande frå Sogn og Fjordane.

– Eg veit kva dei skal ut i, og skuledebattar er noko av det mest krevjande ein kan delta på. Dei er meir krevjande enn stortingsdebattar – ein får spørsmål undervegs, skal halde på merksemda til 16-19-åringar, ein skal kjenne politikken i si fulle breidde og ein får direkte respons frå salen, forklarar han.

Og medan senterungdommen held fram med grilling og gitarspel, fekk eg skyss med stortingsrepresentanten attende til byen. Han var ikkje overraskande godt nøgd med besøket.

– Det er alltid veldig artig hjå Senterungdommen, og sjølv om eg ikkje er så gamal blir eg endå litt yngre.

LES OGSÅ:Her er hjartesakene til partileiarane

Marit Knutsdatter Strand, Syver Zachariassen, Leif Christian Andersen, Emilie Enger og Gunnar Kaus køyrer øvingsdebatt, og får råd av stortingsrepresentant Erling Sande.

Faktaboks

Sumarleir Senterungdommen

– 7. til 13. august på Hove i Arendal, med tid fordelt på debattskulering og ordinær sumarleir.
– Om lag 60 senterungdommar deltok på sumarleiren.
– Fleire ungdomsparti har i år valt å legge sumarleirane sine rundt Arendalsuka.