Vatnet søtare for forelska folk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjærleik gjer vatnet søtare

Kjensler vert ofte linka opp mot smakar i språket. Ein person kan vere bitter eller sur, som òg er smakar.

Ikkje uventa fann forskarar at folk assosierer kjærleik med ein søt smak. Meir overraskande er funn om at det å tenkje på romantikk kan få mat og drikke til å smake søtare, melder Popsci.com.

LES OGSÅ: Folk med sterk tru får mindre sosial støtte

Kjærleik, sjalusi og landemerke
Forskinga, som fyrst vart publisert i bladet Emotions, er utført av forskarar ved Universitetet i Singapore. Først spurde dei deltakarane om kva smakar, deltakarane assosierte med ulike kjensler, som til dømes kjærleik og sjalusi.

Forskingsobjekta vart i neste forsøk bedne om å skrive ned erfaringar med romantikk eller med sjalusi. Etterpå fekk dei servert surt godteri og bittersøte sjokoladar.

Ei kontrollgruppe vart bedne om å skrive om kjende landemerker i Singapore, før dei skulle beskrive smaken på godteriet. Dei som hadde skrive om kjærleik meinte godteriet og sjokoladen smaka søtare enn kontrollgruppa.

Dei som skreiv om sjalusi opplevde likevel ikkje godteriet som bitrare eller surare enn kontrollgruppa, sjølv om dette var smakar som vart assosiert med sjalusi.

LES OGSÅ: Forskar på lokal smak

Søte dropar
Eit nytt forsøk med vanleg vatn, synte at dei som skreiv om kjærleik opplevde vatnet som søtare enn dei som skreiv om sjalusi eller lukke.

Hypotesen frå forskarane er at resultatet har med delte nevrologiske kretsar, som aktiverast når ein opplever kjærleik eller søtsmak. Studiar har tidlegare synt at den same delen av hjernen vert aktivert av å sjå på bilete av ein person ein er forelska i som når ein smakar sukker.