Nordisk omsetjarpris til nordmann

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omsetjarpris til Per Qvale

I år deler Letterstedtska forening ut prisen for andre gong. Prisen er på 50.000 svenske kroner.

Prisen rosar omsetjing mellom dei nordiske språka av både litterære og essayistiske verk, eller gjerninga til ein omsetjar som heilskap.

LES OGSÅ: “Rumpeldunk” er best

– Respekt for originalen
I juryvurderinga av året heiter det:

– Per Qvale (f. 1946) har omsett meir enn 100 bøker frå svensk, engelsk og tysk til norsk. Tyngdepunktet av eit omsetjararbeid som har vart frå midten av 1970-talet, ligg på svensk litteratur med cirka 70 titlar. Dei presise omsetjingane viser stor respekt for originalen, medan eit moderne norsk språk gjer at hovudverk i svensk samtidslitteratur står fram som moderne klassikarar også i norsk språkdrakt.

LES OGSÅ: Nordmann omset «Fifty Shades of Grey» til kinesisk

Bøker om omsetjing
Qvale er magister i litteraturvitskap.

Han har utgitt faktabøker om omsetjarkunsten ved sida av eit omfattande skjønnlitterært omsetjingsarbeid som starta i 1976.

Tidlegare har han fått Den Norske Bokklubbens skjønnlitterære omsetjarpris.

For si omsetjing av eit Thomas Mann-verk fekk han i 2008 den største æresprisen ein norsk omsetjar kan få, nemleg Bastianprisen.