Christian (19) til røyrleggjar-NM

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som ein av fire lærlingar, skal Christensen ta sveineprøva framfor eit publikum og samstundes konkurrere om å verte Noregsmeister i rørfag. Dette skjer på Norske Rørleggerbedrifters Landsforening sin stand på Bygg Reis Deg-messa på Lillestrøm 15. til 20. oktober.

Christensen har gått i lære hos Vinjevoll Rør i meir enn to år, og vart i mars i år regionmeister i ein rørleggjarkonkurranse på Loen. No skal det altså konkurrerast på nasjonalt nivå. I løpet av 39 arbeidstimar på fem dagar skal han løyse ei oppgåve som handlar om både sanitæranlegg og varmeanlegg.

Teorieksamen er allereie unnagjort, men Christensen får bruk for både teori og praksis når oppgåva skal løysast.

Teikning
– Oppgåva får eg utdelt først på tysdag. Då får eg ei teikning, og må finne ut kva materiale eg treng, kor mykje eg treng av det, og kva verktøy eg må bruke, seier han.

– Korleis vert det å ta sveineprøva framfor eit publikum?

– Eg trur det kjem til å verte veldig utfordrande. Eg har høyrt at folk ofte byrjar spørje og kommentere på forskjellige ting undervegs, seier Christensen.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.