Blåblå likestilling

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vert nok ikkje partiets talsperson for likestilling, seier Heidi Nordby Lunde, første vara på Stortinget frå Høgre og kjent som bloggaren VamPus. Saman med Minerva-redaktør Nils August Andresen, siviløkonom og idèhistorikar i Civita Mathilde Fasting og KrF-politikar Hilde Ekeberg, diskuterte ho blå likestilling tidligare denne veka. På eit seminar i regi av  CORE – Centre for research on gender equality, som er eit nytt kjernemiljø hjå Institutt for samfunnsforskning.

Nordby Lunde er mellom anna skeptisk til kontantstøtta, som den blåblå regjeringa vel og behalde, og ho meiner ein må sjå kva som ligg bak dei frie vala partiet ofte syner til i likestillingsdebatten.

LES OGSÅ:Likestilling skaper større ulikskapar

Konsekvensane
For Nordby Lunde er det viktig å få fram konsekvensane av dei frie vala folk tek. Mellom anna i val av utdanning, som gjev ein arbeidsmarknad som framleis er særs kjønnsdelt.

– For å vera litt fordomsfull. Ein må fortelje jenter som vil ta mjuke fag på Blindern for å gå rundt og flagre i Afrika, at dei heller kan ta realfag og verte ingeniørar for å hjelpe med å få fram reint vatn der.

Ho peika også på problema med at kvinner vel bort arbeidslivet eller jobbar frivillig deltid, både for dei sjølve og samfunnsøkonomisk.

– I dag har vi ordningar som gjev folk fridom på andres rekning, noko som ikkje høver med konservatismen der fridom og ansvar går hand i hand. Når slike ordningar ikkje har større konsekvensar enn ein sydentur mindre i året, er det problematisk. For tilknyting til arbeidslivet er så viktig, der møter ein livspartnaren og politiske motføresegner over lunsjen. På sikt har vi ikkje råd til å ta slike val – det å forsørgje seg sjølv er ein del av ein større samfunnsdebatt om velferdsstaten i framtida og den må vi ta.

LES OGSÅ:– Burde eigentleg halde kjeft

Passiv
Også for Mathilde Fasting er arbeidslivspoltikken den viktigaste likestillingspolitikken.

– Vi har eit skeivare, sjukare og meir deltids- kvinnearbeidsliv enn nokon gong. Men det er enno ikkje forklart kvifor kvinne er sjukare og vel frivillig deltid.

Ho meiner  kampen mot deltid må byrje på den einskilde arbeidsplass, for å få stillingsbrøkar og turnusar til å gå opp.

– Den raudgrøne likestillingspolitikken går på at alt skal vera likt, vil du ikkje så skal du. Blå likestilling bør vera å eigentleg ikkje gjere så mykje, stå fram som passiv og mindre aktiv, ei liberal tilnæring med valfridom og autonomi uansett kjønn. Ein bør tilretteleggje for valfridom, som også inkluderar andre løysingar enn dei store systema har ført oss inn i.

Ho peika også på paradokset ved at dagens ordningar kan medverke til at norske kvinne får born seinare, gjerne på same tid som dei er mest produktive i arbeidslivet.

LES OGSÅ:– Me kan spørje oss om me har gått for langt

Til røynda
Hilde Ekeberg meiner likestillingsdebatten må gjerast breiare, og få større rot i røynda.

– I 2008 var eg med på å feire Likestillingslovens 30 år i lag med folk frå Unge Høgre og Europeisk ungdom. Vi følte oss ikkje heilt heime. Dei religiøse, kapitalistane og dei for EU, har ikkje plass i likestillingsdebatten.

Med å få debatten ned til røynda, peikar ho også på at ein må sjå dei geografiske spenningane.

– Likestilling kan vera noko anna om ein held til på Sørlandet, og i Gudbrandsdalen har det i det siste vore debatt kring 4-dagars skuleveke. I dag er det ei politisk elite som avgjer verkemidla, som eig likestillingsdebatten. 

– Eg er også lei kampretorikken, der likestilling er ein debatt der nokon må tape.

LES OGSÅ: – Noreg er minst dårleg i klassen

Kvoteringa
Ekeberg er også for kvotering, sjølv om ho understrekar at det er ei midel og ikkje eit mål i seg sjølv.

– For meg handlar det om fridom til. Som kristendemokrat ser eg på det som mogelegheitlikskap.

I regjeringserklæringa har dei blåblå uttala at dei vil ”Bygge sin likestillingspolitikk på positive, stimulerende, virkemidler fremfor kvotering.”

Minervaredaktøren meiner også kvotering er ein dårleg ide.

– Må absolutt alle arenaer vera likestilte? Når det kjem til kvotering freistar ein berre endre utdanningsvala tekne for 30 år sidan. Til dømes er snittalderen for ambassadørar, der ein gjerne vil at halvparten skal vera kvinner, 60 år. Men i dag er jo kvinner i fleirtal innan høgare utdanning, så dette vil jo endre seg.

Andersen meinte elles den konservative likestillingspolitikken må handla om verkemidel for å endre problematiske strukturar. Slik er han for fedrekvoten, som har vert vidareført av den nye regjeringa sjølv om den vert redusert frå 14 til 10 veker.

– Venstresida byrjar i gjerne med likestillingsapparatet, i staden for å sjå på problema.

LES OGSÅ: Jenter bruker lenger tid på utsjånaden enn å lesa

Apparatet
Og kven skal vakte likestillinga? Skal det vera ein minister, og skal ein ha eit likestillingsombod også i framtida?

– Eg meiner ombod ikkje er ein måte å organisere seg på. All den tid det er tale om politiske stridsspørsmål, meiner Andersen.

For Nordby Lunde er det avgjerande at heile regjeringa fokuserer på likestilling.

– Eg vert provosert når vald i nære relasjonar vert eit likestillingstema, det bør ligge under justisdepartementet. Spørsmålet vert kanskje om ein treng eit departement som fungerar som ombodsdepartement. Men det viktigaste er jo at jobben vert gjort. Har ein ikkje ein ei eige minister, må ein tenkje som i næringslivet –  sjefen er ansvarleg uansett, og i regjeringa er statsministaren sjefen, avsluttar ho.

Heidi Nordby Lunde, 1. vara på Stortinget for Høgre og kjent som bloggaren VamPus. Saman med Minerva-redaktør Nils August Andresen, siviløkonom og idèhistorikar i Civita Mathilde Fasting og KrF-politikar Hilde Ekeberg, diskuterte ho blå likestilling tidligare denne veka.